Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane tar personvernet ditt på alvor, og vi gjer vårt beste for å sikre at personopplysningane dine skal vere trygge hos oss. I personvernerklæringa vår nedanfor kan du sjå meir om korleis vi behandlar personopplysningane dine.
Personvernerklæringa gjeld frå 01.07.2018

Korleis kan du kontakte oss

Besøksadresse:
Sparebanken Sogn og Fjordane
Langebruvegen 12, 6800 Førde
Alternative adresser er ved eit av banken sine lokalkontor i fylket og i Bergen.
Postadresse:
Langebruvegen 12, 6800 Førde
Organisasjonsnummer:
913684095
E-post: personvernombod@ssf.no
Telefon: +4757829700

Personvernerklæringa gjeld for desse selskapa i konsernet:

  • Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS
  • Bankeigedom Sogn og Fjordane AS

Nettstader:

https://www.ssf.no

Applikasjonar:

  • Mobilbank SSF
  • Mobilbank Ung SSF

Kontorstader:

  • Hovudkontor, lokalkontor i Sogn og Fjordane og i Bergen
  • Banken har Bank i butikkavtaler i nokre butikkar på stader der vi tidlegare har hatt lokalkontor

Kva er personopplysningar

Personopplysning er ei kvar opplysning som kan knytast til deg som einskildperson, slik som namn, fødselsdato, personnummer, adresse, telefonnummer, e-postadresse, IP-adresse, bilnummer, bilete, fingeravtrykk, hovudform for attkjenning av ansikt og irismønster i auga. Opplysningar om åtferd blir også rekna som personopplysningar. Her inngår opplysningar om kva du handlar, kva for butikkar du handlar i, kvar du er til kvar tid med meir.
Det kan også vere at ei opplysning i seg sjølv ikkje er ei personopplysning, men som sett saman med andre liknande opplysningar kan identifisere ein person. I så fall er dei også samla sett rekna for å vere personopplysningar.
Nokre opplysningar er meir sensitive enn andre. Det gjeld for eksempel opplysningar om rase eller etnisk bakgrunn, politisk ståstad, filosofisk eller religiøs oppfatning, om ein har vore mistenkt, sikta eller dømt for ei straffbar handling, helsetilhøve, seksuell legning eller medlemskap i fagforeiningar. Kravet til handtering av slike opplysningar er strengare enn for handtering av andre personopplysningar.

Kvifor behandlar vi personopplysningane dine

Denne personvernerklæringa inneheld informasjon som du har krav på når det blir samla inn opplysningar om deg. I tillegg inneheld den generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningane.
Vi behandlar personopplysningar for å kunne tilby best mogleg sørvis til kundane våre. Når vi i det vidare skriv "du", "deg", "ditt" og "dine" i denne erklæringa meiner vi deg som kunde, som potensiell kunde, eller andre relevante partar slik som reelle rettshavarar, autoriserte representantar, innehavarar av bedriftskort og tilknytte partar.
Når vi brukar ordet behandlingsansvarleg meiner vi Sparebanken Sogn og Fjordane (heretter kalla vi, SSF eller banken) inkludert dotterselskap. SSF er avhengig av tillit og er difor opptatt av å ivareta personvernet ditt. Alle personopplysningane dine skal vere trygge hos oss. Det omfattar alt som kan knytast direkte til deg som person, blant anna fødselsnummer, kontaktinformasjon og opplysningar om kva for produkt eller tenester du har kjøpt av oss.

Innsamling av personopplysningar

Vi samlar inn ulike typar personopplysningar, alt etter kva produkt eller tenester vi tilbyr deg.
Døme på slike er:
  • Informasjon som identifiserer deg: personnummer og namn. Dette er informasjon som vi er pliktigetil å innhente og dokumentere i form av kopi av legitimasjonsdokumentasjon.
  • Kontaktinformasjon: telefonnummer, adresser (bu-, post- og e-postadresser), statsborgarskap og heimland for dei med utanlandske adresser.
  • Finansiell informasjon: kunde- og produktavtaler, transaksjonsdata, kreditthistorikk og forsikringshistorikk.
  • Lovpålagde opplysningar: skattemessig heimstad eller utanlandsk statteregistreringsnummer, og det vi treng for å kunne hindre kvitvasking og terrorfinansiering.
SSF behandlar personopplysningar først og fremst i samband med kundeadministrasjon, fakturering og gjennomføring av dei avtalene vi har inngått med kundane våre.
I tillegg behandlar vi personopplysninger til følgjande formål:
  • kundeoppfølging og marknadsføring
  • risikoklassifisering av kundar og kredittporteføljar
  • førebygging og avdekking av straffbare handlingar
  • lydopptak av telefonsamtaler og lagring av annan kundekommunikasjon ved investeringsrådgjeving
  • som grunnlag for rekneskapsføring og rapportering
  • som grunnlag for interne kontrollar
  • kundeundersøkingar
Når SSF yter investeringsrådgjeving er vi forplikta til å gjere lydopptak av alle telefonsamtaler og lagre dokumentasjon via annan kundekommunikasjon, som e-post og chat.
Når du har vore i kontakt med SSF, kan det vere at vi spør deg om korleis opplevinga di var. Dette gjer vi for å kunne gje deg som kunde endå betre produkt og tenester. Med hjelp av desse tilbakemeldingane kan vi også måle effekten av forbetringstiltak og sjå på koplinga mellom kundetilfredsheit og kundeåtferd over tid. Dersom du ikkje vil dele denne typen opplysningar med oss, kan du la vere å svare på undersøkinga vi sender deg.

Kven er ansvarleg for behandlinga av personopplysningane dine

Banken, med dotterselskap, bestemmer formålet med behandlinga av personopplysningane og korleis personopplysningane dine blir behandla, og er ansvarlege for behandlinga av personopplysningane dine. Vi fører ein protokoll over alle slike behandlingar. Denne inneheld mellom anna informasjon om kva formålet med behandlinga er, kva rettsleg grunnlag vi har for behandlinga og kva typar opplysningar, og kor lenge vi lagrar dei.
Vi har eit personvernombod som dekker ombodsrolla i heile konsernet. SSF sitt personvernombod skal blant anna vere til hjelp for deg som kunde. Har du spørsmål om korleis vi behandlar personopplysningane dine, kan du kontakte personvernombodet på følgjande e-post adresse:
  • personvernombod@ssf.no
Datatilsynet sine heimesider kan du lese meir om kva krav som blir stilte for behandling av personopplysningar.

Frå kven og korleis samlar vi inn personopplysningane dine

Vi samlar inn personopplysningane dine frå følgjande kjelder:
Frå deg i samband med:
  • oppretting av kundeforhold
  • behandling av søknader om lån eller andre produkt
  • når du nyttar deg av våre produkt eller tenester på annan måte 4
Frå ei offentleg tilgjengeleg kjelde, som for eksempel:
  • Det sentrale folkeregisteret
  • Brønnøysundregisteret
  • Eiendomsverdi AS (verdisetting av fast eigedom)
  • Statens Kartverk (registrering av pant)
Frå ei kjelde som ikkje er offentleg tilgjengeleg:
  • Altinn (med samtykkebasert lånesøknad)
Frå ein tredjepart, som for eksempel:
  • Opplysningar frå avsendarar, butikkar, andre bankar, leverandørar av betalingstenester og offentlege registre
  • Opplysningar frå offentleg styremakter elles, som for eksempel i samband med å hindre kriminalitet
  • Sanksjonslister som blir førte av internasjonale organisasjonar (EU, FN og liknande)
  • Sosiale media
  • Agentar og distributørar
  • Bisnode Norge AS (kredittopplysningsselskap)
  • Andre kommersielle informasjonstenester som leverer informasjon om blant anna reelle rettshavarar eller politisk eksponerte personar

Korleis vi samlar inn

Vi samlar inn personopplysningane dine på følgjande måtar:
Manuelt
Direkte frå deg skriftleg eller munnleg
Elektronisk ved hjelp av eit nettstadskjema
Skjema på opne nettsider og i pålogga nettbank og mobilbank.
Elektronisk ved hjelp av sporingsteknologi
Informasjonskapslar/Cookies. Sjå meir informasjon her.
Med overvakingskamera
For å førebygge og avdekke straffbare handlingar, tar banken videoopptak av banklokale, ekspedisjonsstader, minibankar og ved nokre høve betalingsterminalar i tilknyting til ”bank i butikk”. Slike opptak vil bli sletta automatisk tre månader etter opptakstidspunktet, med mindre dei er utleverte til politiet, eller banken har rett til å behandle bildeopptaket til anna formål.
Med lydopptak
Banken som verdipapirføretak pliktar etter verdipapirhandellovgjevinga å ta lydopptak av alle telefonsamtaler og dokumentere anna kundekommunikasjon (e-post, chat, MSN mm) i samband med yting av investeringstenester. Slike lydopptak av samtalar til/frå fasttelefon og mobiltelefon og dokumentasjon av anna type kommunikasjon med kunden skal lagrast i fem år. Lydopptaket kan finnast att av banken på grunnlag av inngåande og utgåande telefonnummer, tidspunktet for samtalen og/eller tilsette i banken som utførte samtalen. Kommunikasjon gjennom andre kommunikasjonskanalar kan finnast att på grunnlag av identiteten til kunden, tidspunkt for kommunikasjon og tilsette i banken som utførte kommunikasjonen.
Banken kan bli pålagt å utlevere informasjon til offentlege styremakter når dei kan krevje dette i medhald av lov. I tillegg kan informasjon bli utlevert til Finansklagenemnda i samband med eventuelle klagesaker.
Du som kunde kan be om innsyn i dokumentasjon og avspeling av lydopptak relatert til investeringstenester. Ein slikt førespurnad kan fremjast inntil 5 år etter samtalen vart teken opp. For å kunne få tilgang til desse opplysningane må du oppgje tidspunkt for samtalen og frå kva telefonnummer du ringde.

Det kan vere både frivilleg og pliktig å gje personopplysningar

Frivillege personopplysningar er for eksempel e-postadresse og mobiltelefonnummer. Pliktige personopplysningar er for eksempel personnummer, namn og adresse.

Følgjene av ikkje å gje frivillege personopplysningar

Dersom du let vere å gje oss frivillege personopplysningar, kan vi ikkje kommunisere med deg på epost, og vi kan såleis ikkje nå deg kjapt med opplysningar som går på endring av produkt og tilbod på 6 nye produkt. For nokre av produkta våre er det lagt opp som vilkår at kommunikasjon skal skje via digitale kanalar. Utan denne kommunikasjonsplattforma kan vi heller ikkje tilby deg desse produkta.

Følgjene av ikkje å gje personopplysningar som du pliktar å gje

Følgjene av ikkje å gje oss dei pliktige personopplysningane nemnt over er at du ikkje kan bli kunde i Sparebanken Sogn og Fjordane eller i dotterselskapa.
Rettsleg grunnlag for å krevja personopplysningar Plikt til å gje banken personopplysningar kan mellom anna vere: • fastsett i lov, for eksempel skattelova og kvitvaskingslova • fastsett i avtale med banken • nødvendig for å inngå ein avtale med banken

Rettsleg grunnlag for å krevja personopplysningar

Plikt til å gje banken personopplysningar kan mellom anna vere:
  • fastsett i lov, for eksempel skattelova og kvitvaskingslova
  • fastsett i avtale med banken
  • nødvendig for å inngå ein avtale med banken

Kva rettslege grunnlag har vi for å behandle personopplysningane dine

Særlege kategoriar av personopplysningar

Vi skil mellom særleg kategoriar av personopplysningar som krev streng behandling, og andre personopplysningar.
Normalt spør ikkje banken etter særlege personopplysningar, men kan finne slike i dokumentasjon som blir henta inn i samband med oppretting av avtaler, for eksempel på lønsslippar der vi kan sjå at ein person er organisert i ei fagforeining, og på helseerklæringar sendt til banken i samband med private forsikringsavtaler som vi sel på vegner av eksterne forsikringsselskap.

Rettsleg grunnlag for å behandle personopplysningar

Behandlinga er lovleg når den kan grunngjevast med minst eitt av dei følgjande vilkåra:
  • Du har gitt samtykke
  • Den er nødvendig for å kunne oppfylle ei avtale du er part i, eller for å kunne gjennomføre tiltak før ei avtaleinngåing
  • Den er nødvendig for å kunne oppfylle ei rettsleg plikt som banken har
  • Den er nødvendig for å kunne verne dine eller ein annan fysisk person sine vitale interesser
  • Der er ei interesseovervekt knytt til formålet for behandlinga som overgår den registrerte sine interesser så lenge desse ikkje krev særskilt vern

Samtykke

Dersom det ikkje ligg føre eit anna behandlingsgrunnlag, vil banken si behandling av personopplysningar basere seg på eit frivilleg, spesifikt, informert og utvetydig samtykke frå deg som kunde. Du vil alltid bli bedt om å gje samtykke dersom det er nødvendig for å behandle særlege kategoriar av personopplysningar. Du vil få informasjon om formål, behandlingsaktivitetar, moglegheit til ei tilbaketrekking av samtykke samt verknadane av ei tilbaketrekking av samtykke. Ver merksam på at nokre av banken sine produkt eller tenester set krav til samtykke, og at ei eventuell tilbaketrekking av dette kan føre til at du ikkje lenger kan få tilgang til desse produkta eller tenestene.
Du kan når som helst trekke tilbake eit samtykke. Dersom du gjer det, vil behandlinga som byggjer på dette stanse, og personopplysningane vil bli sletta dersom dei berre baserar seg på det gitte samtykket.

Det er nødvendig for å oppfylle ei avtale

For at vi skal kunne gjennomføre kundeadministrering, tilby finansiell rådgjeving, fakturering for og gjennomføring av ulike tenester i tråd med dei avtalane vi har inngått med deg, må vi behandle ein del personopplysningar om deg.

Rettsleg plikt

Banken er underlagt ei rekkje lover og forskrifter og behandlar personopplysningar for å oppfylle pliktene våre i samsvar med dette regelverket. Av desse kan nemnast:
  • Førebygging og avdekking av straffbare handlingar, for eksempel kvitvasking og terrorfinansiering eller anna økonomisk kriminalitet
  • Sanksjonsovervaking, for eksempel for å sikre etterleving av internasjonale sanksjonar som Noreg har slutta seg til
  • Krav til bokføring og dokumentasjon
  • Rapporteringskrav til styresmaktene, for eksempel til skatteetaten, politiet og namsmannen.
  • Krav og plikter knytt til betalingstenester
  • Produktspesifikke lover, som for eksempel ved verdipapirhandel, fondsal, pantsetting og sal av bustadlån eller forsikring

Verne om vitale interesser

Dette kan vere aktuelt når det er fare for helse, eller i samband med liv eller død. I ein normal situasjon ville det vore naturleg å få samtykke, men situasjonen gjer at dette ikkje er mogleg.

Legitim interesse - interesseovervekt

Banken kan behandle personopplysningar dersom det er nødvendig for å ivareta ei legitim interesse, og når ei godt grunngjeva interesse veg tyngre enn omsynet til den einskilde sitt personvern. Den må vere lovleg, reell, sakleg grunngjeven og definert på førehand. Banken må vege fordelane ved behandlinga opp mot personvernet, og på same tid vurdere kva tiltak ein kan ha for å redusere risikoen behandlinga medfører. I vurderinga må banken blant anna ta omsyn til om du som kunde ønskjer behandlinga, er det noko som kunden reknar med vil kunne skje, vil kunden ha fordel av det, er det mange eller få opplysningar, har bank og kunde felles interesse av behandlinga, blir kunden informert om behandlinga osb.

Automatiske avgjerder og automatiske profilar

Med automatiserte avgjerder og profilar er det meint avgjerder eller profilering som blir gjort av eit dataprogram utan at nokon i banken blandar seg inn eller påverkar resultatet. Enkelte behandlingar hos oss er heilautomatiserte avgjerder. Når ei automatisert avgjerd er av rettsleg betydning for deg, eller påverkar deg i betydeleg grad, har du rett til å be om ei manuell handsaming i staden for den automatiske. Du har rett til å seie di meining og bestride avgjerda. Du har også rett til å bli informert om den underliggande logikken som er brukt i avgjerda, samt betydninga av denne og kva konsekvensar avgjerda kan få for deg. Automatiske avgjerder gjer vi berre dersom ei slik behandling er godkjent ved lov, det føreligg eit uttrykkeleg samtykke til det, eller dersom det er naudsynt for å gjennomføre ein avtale med våre kundar. Eit døme på slik automatisert avgjerd er sjølvbetjente kredittløysingar via våre nettsider. Du vil bli informert dersom vi brukar heilautomatiserte avgjerder.

Kva for formål brukar vi personopplysningane til

Kundeadministrasjon

Banken har eit felles kunderegister der opplysningane er lagra. Dette blir brukt av SSF og Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS. Registeret inneheld opplysningar om deg; som namn, personnummer, adresse og andre kontaktopplysningar, og kva for produkt og tenester du har avtale om å nytte. Formålet er å administrere kundetilhøve ditt og samordne tilbodet av produkt, tenester og rådgjeving frå dei forskjellige selskapa i konsernet og avdelingane i banken.
SSF vil også bruke personopplysningane dine for å oppfylle dei pliktene som følgjer av dei avtalene vi har inngått med deg, og for å kunne tilby deg dei tenestene og produkt du har valt å bruke. I tillegg brukar vi opplysningane til å stette krav frå styresmaktene.

Førebygging av avdekking av straffbare handlingar

Lov om kvitvasking krev at bankar skal førebygge og avdekke transaksjonar med tilknyting til straffbare handlingar eller med tilknyting til terrorhandlingar. I slike høve er banken forplikta til å innhente informasjon og utlevere opplysningar til andre finansinstitusjonar, politiet og andre offentlege styresmakter. Lagringstida vil vere opptil ti år etter registreringa. I samsvar med lova skal banken behandle personopplysningar og rapportere mistenkelege transaksjonar til Økokrim. Dette er opplysningar som ikkje er dekka av innsynsretten du som kunde har.
Banken vil i tillegg behandle personopplysningar for å førebygge og avdekke straffbare handlingar dersom det er nødvendig ut frå ei ålmenn interesse som veg tyngre enn omsynet til personvernet ditt. Vi arbeider kontinuerleg for å hindre at du blir utsett for svindel eller forsøk på svindel, og vil kunne ta kontakt med deg om vi mistenker at så skjer.

Sikkerheit

Banken har gjennomført tekniske og organisatoriske tiltak for å sikre at personopplysningane dine ikkje blir tilgjengelege for uautoriserte personar. Banken har dessutan eigeninteresse i å behandle personopplysningar for å sikre konsernet sine verdiar ved for eksempel pålogging av sørvarar, drift av infrastruktur, brannmurar, tilgangskontroll og kameraovervaking. Banken nyttar autentiseringssystem for å sikre at det er rett person som brukar den aktuelle tenesta.Banken er også knytt til ein infrastruktur som overvakar bruken av korttenester, og som registrerer og gjer tiltak dersom avvikande bruk vert registrert.
Dersom det skulle skje eit avvik har banken etablert ein eigen rutine for handtering av desse. I rutinen er det teke omsyn til at du som kunde skal varslast dersom det er høg risiko for at personopplysningane dine er blitt behandla på feil måte eller blitt synlege for uvedkomande. Det er også bygt inn i rutinen ei varslingsordning til Datatilsynet ved alvorlege avvikstilfelle.

Marknadsføring

Banken kan nytte personopplysningane til å marknadsføre dei produkt og tenester vi har inngått avtale om. Dersom banken vil marknadsføre produkt og tenester innanfor ein annan produktkategori og gjennom ein annan formidlingskanal enn vi har inngått avtale om, er det krav om at du må gje oss samtykke til dette. Ønskjer du å endre samtykket, gjer du det i nettbanken under «innstillingar» og «samtykke». Om du ikkje har nettbank kan du ta kontakt med kundesenteret vårt på kundesenter@ssf.no eller via telefon 578 29 700.

Risikoklassifisering av kundar

Ved oppstart av nye kundeforhold krev lova at banken hentar inn, vurderer og lagrar dokumentasjon om kven du er og korleis du som kunde har tenkt å bruke banken. Dette er informasjon som kan krevje periodisk fornying, og i så fall vil du bli kontakta.
Lov om verdipapirhandel har krav til at banken skal sikre at kunden er skikka til å gjere handlar i verdipapirmarknaden, både ut frå kunnskap og økonomisk situasjon. Dette krev innhenting av spesifikke personopplysningar frå kundane.

Risikoklassifisering av porteføljar

I samsvar med finansieringsverksemdslova og verdipapirhandelslova vil banken behandle kredittopplysningar og andre personopplysningar.
Banken har eigne modellar bygt på historiske data på kundenivå samla inn gjennom mange år, og som synleggjer korleis kundemassen vil endre seg ut frå eit risikosynspunkt ved endringar i ulike parameter.

Som grunnlag for rekneskapsføring, rapportering og interne kontrollar

Kunde og kontodata, td saldo, renter osb. gjev grunnlag for banken sine rekneskapsrapportar med tilhøyrande rapportering av aggregerte data til leiing, styre og offentlege styresmakter. Vi nyttar også kundedata i samband med å kontrollere at banken sine rutinar blir følgde.

Gjenbruk av data

Vi brukar i utgangspunktet persondataa dine til det vi er blitt samde om, enten i form av samtykke eller ved avtaleinngåing, og brukar dei ikkje til formål som ikkje er i samsvar med det formålet som låg til grunn for at personopplysningane blei innhenta, utan at du er blitt informert om og har samtykka i det.

Lagring av personopplysningar

Utgangspunktet er at personopplysningar skal slettast når formålet med å ha dei ikkje lenger er til stades. Ein del opplysningar, som for eksempel videoopptak og midlertidige katalogar, vil bli sletta etter kort tid, medan andre kan av lovsette grunnar krevje lang tids lagring. I teksten over har vi på einskilde område sagt kva lagringstida er. Mykje av personopplysningane er lagra hos datasentralen vår, og banken følgjer sletterutinane som er bygt inn i dei ulike systema som dei administrerer. Når data blir sletta der, vil dei også automatisk bli sletta i banken sitt kundeoppfølgingssystem.

Kven kan vi dele personopplysningane dine med

Vi deler personopplysningar med andre, for eksempel styremaktene og tenesteleverandørar. Nokre er styrt av lovkrav, for eksempel skattelova. Andre er ein del av den daglege bankverksemda sidan vi kjøper mange tenester frå systemleverandørar. Eit døme på det siste er dei som handterer banktransaksjonar via ulike betalingstenester (for eksempel kort, nettbank og mobilbank). Når vi utfører eit betalingsoppdrag på dine vegner, må vi også utlevere informasjon om deg som sikrar at mottakar kan vite kven overføringa kjem frå. Dei som behandlar personopplysningar på våre vegner vil normalt vere ein databehandlar. Banken har databehandlaravtaler med desse, og i desse avtalane inngår også reglar om teieplikt. Bruken av databehandlarar er ikkje å rekne som ei utlevering av personopplysningar.
Vi overfører ikkje personopplysningane dine til eit land utanfor EU/EØS, og heller ikkje internasjonale organisasjonar.

Kva er rettane dine

Rett til innsyn

Du har rett til å få innsyn i personopplysningar vi har lagra om deg. Dette gjeld informasjon du sjølv har gitt oss, informasjon vi har henta frå eksterne kjelder, og informasjon om korleis opplysningane er behandla. I nettbanken vil du finne detaljerte opplysningar og historikk om dei produkt og tenester du har nytta. Dersom du ikkje er nettbankkunde har du fått desse opplysningar per post eller utlevert over skranke.
Du har ikkje rett til innsyn i våre interne vurderingar og liknande data som vi som bank utarbeider på bakgrunn av personopplysningane du har gitt oss. Det same gjeld einskilde opplysningar som vi har henta inn for å oppfylle lovpålagde plikter, som for eksempel gjennom kvitvaskingslovverket.

Rett til å få utlevert data

Du har rett til å krevje utlevert dei personopplysningane du sjølv har gitt oss. Dette gjeld opplysningar vi har fått direkte frå deg basert på samtykke, eller for å oppfylle ei avtale. I retten ligg det å få dei i eit maskinlesbar format. Du har også rett til at vi, utan hindringar frå vår side og etter skriftleg fullmakt frå deg, overfører dine personopplysningar til andre organisasjonar som du har valt.

Rett til motsegn mot behandling

Du har rett til å protestere på behandling av personopplysningane dine som skjer på grunnlag av legitim interesse – interesseovervekt. Det kan likevel vere at behandlinga blir sett på som viktigare enn dei grunnleggande rettane dine eller fridomar. Om så er tilfelle må dette grunngjevast frå banken si side.
I dei tilfella ei legitim interesse blir brukt som grunnlag for direkte marknadsføring og profilering i samband med marknadsføring, har du alltid rett til å motsette deg behandlinga.

Rett til sletting av personopplysningar

Vi må ha personopplysningane dine så lenge du har ein aktiv avtale med oss. Når den er avslutta vil vi for ein periode ha trong for dei for å kunne gje deg ein best mogleg kundesørvis. I tillegg kan det vere lovmessige grunnar knytt til lagringsplikt og for at vi skal kunne forsvare oss mot eit rettskrav. Etter at den tida er gått vil personopplysningane dine bli sletta for alltid. Vi vil for eksempel lagre opplysningar knytt til bustadlån i 5 år etter at det er innfridd, for deretter å slette dei. Andre data, brukt til bokføring, skatterapportering og annan rapportering til styresmaktene, kan ha lengre lagringstid. Desse vil også bli automatisk sletta når den tida er gått. Slike lagra data kan ikkje brukast til andre føremål, og vil også vere verna mot uautorisert tilgang.
Dersom du opplever at banken lagrar personopplysningane dine med urette, har du rett til å be om at desse blir sletta omgåande.

Rett til å få retta urette personopplysningar

Dersom du oppdagar at personopplysningar om deg er urette eller mangelfulle, har du rett til å få dei retta eller supplert.

Rett til å spørje og rett til å klage

Dersom du har spørsmål som gjeld denne personvernerklæringa, eller korleis banken behandlar personopplysningane dine, kan du kontakte banken sitt personvernombod på e-post: personvernombod@ssf.no
Banken har ein frist på ein månad på å svare. Dersom banken treng lengre tid, skal du få melding om det.
Banken har også eit kundesenter som er ope til ei kvar tid på telefon +47 52 82 97 00 eller på e-post: kundesenter@ssf.no.
Dersom du ønskjer det kan du også vende deg direkte til Datatilsynet. Du finn informasjon om korleis dei kan kontaktast på www.datatilsynet.no.

Endring i personvernerklæringa

Dersom vi endrar personvernerklæringa vår, vil vi publisere ein ny versjon.

Endringar og endringshistorikk

Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre og utvikle tenestene våre. Dersom det skulle skje endringar i regelverket om behandling av personopplysningar, eller andre interne endringar som påverkar personvernerklæringa, vil denne bli endra. Endringsloggen vil vise kva for endringar som er gjort.

Endringslogg

Bruk av automatiserte avgjerder
Sjå kapittel Automatiske avgjerder og automatiske profilar
Endring av postadresse
Sjå innleiande kapittel Korleis kontakte oss

Kontorstader:

  • Hovudkontor, lokalkontor i Sogn og Fjordane og i Bergen.
  • Banken har Bank i butikkavtaler i nokre butikkar på stader der vi tidlegare har hatt lokalkontor