Trening med Funkygine i Førdehuset onsdag 13. september
Vi er snart klare til fylle Idrettshallen i Førdehuset med mange treningsglade! Det blir stort oppmøte, og for å gje alle ei god oppleving denne kvelden, finn du alt du treng å vite nedanfor.
Oppmøte
Kl. 16:45: Oppmøte i treningskle ved resepsjonen i Førdehuset. Du viser fram SMSen du har fått av oss og finn deg ein oppmerka plass inne i hallen.
Ta med drikkeflaske og godt humør!
Parkering
Vi oppfordrar å gå/sykle/samkøyre til arrangementet då parkeringsplassen utanfor Førdehuset fort blir full. Kjem du med bil, er det lurt å kome ekstra tidleg. Parkering er utanfor Førdehuset og Festplassen.
Program for kvelden
Kl. 17:30: Lars frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Eirik og Kaja frå Førde IL Fotball ønsker velkommen. Sjølve treningsøkta er på ca 40 min og blir effektiv og variert med sveittegaranti!
Det blir storskjerm og musikk styrt av den unge og talentfulle DJ Trym frå Kaupanger
Etter treninga blir det Meet&Greet, der deltakarar kan få ta bilde saman med Funkygine (ca 30 min). Avslutning ca 19:15.
Påmeldinga til treninga er no stengt, men du kan bli med som publikum å sjå på. Det er inga nedre aldersgrense for å vere publikum, men barn under 12 år bør kome i følgje med vaksen.
Vi gler oss til å sjå deg i kveld. Velkommen!