Dette er banken sin nye logo | SSF

Dette er banken sin nye logo

Sparebanken Sogn og Fjordane blir SpareBank 1 Sogn og Fjordane i november. Det gjer at banken skiftar logo. No viser dei den for første gong.
Våren 2023 vart det kjent at Sparebanken Sogn og Fjordane kjøper seg inn i SpareBank 1-alliansen. 
I helga 1. til 3. november blir banken sine tekniske løysingar stengt medan banken skiftar digitale løysingar. Kundane kan betale for seg som normalt, men banken sin nettbank og mobilbank er ikkje tilgjengeleg akkurat denne helga. Frå måndag 4. november vil kundane kunne logge seg på ny mobil- og nettbank i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.

Startar logobruk frå no av

Sjølv om skiftet skjer i november startar banken no ei forsiktig utrulling av ny logo.
– Denne veka startar vi å vise logoen i annonseringane vår. Det er sjølvsagt litt vemodig å fase ut den gamle logoen, men vi syns den nye logoen er fin og er ein del av ei sterk merkevare som passar merkevara vår, så vi ser fram til å segle vidare i SpareBank 1-drakt, seier kommunikasjonsdirektør Johanne Viken Sandnes.
I løpet av oktober startar banken å skifte skilt på kontora sine, og banken skal skifte logo i hallar og etterkvart også på draktene til sponsorata sine. Banken har over 50 sponsorat over heile Sogn og Fjordane, og skifte av logo på alt vil ta noko tid.
– Vi har berekraft i fokus i dette arbeidet. Vi er opptatt av å skifte i takt med klubbane sitt behov, for å sikre minst mogleg ekstraarbeid for dei og for å ta vare på berekraftsperspektivet i skiftet, seier Sandnes.

Ny utanpå - same inni

Banken si marknad- og kommunikasjonsavdeling jobbar no med ein plan for utrulling av logoen. 
– Sjølv om vi no rullar ut ny logo dei neste månadane så er det viktigaste uansett det som er bak form og farge. Banken har akkurat dei same rådgjevarane på dei same lokalkontora og dei same lokale eigarstiftingane som delar overskotet tilbake til samfunnet. I tillegg får kundane tilgang til ei breiare produktportefølje og det SpareBank 1 kallar “Norges mest personlege mobilbank”, så vi kjenner på at dette skal bli veldig bra, seier Sandnes.