Omset tusenvis av sider til nynorsk | SSF

Omset tusenvis av sider til nynorsk

Sparebanken Sogn og Fjordane er på full fart inn i SpareBank 1-alliansen, med skriftspråket sitt i bagasjen.
Sparebanken Sogn og Fjordane skal inn i SpareBank 1-alliansen den 4. november. No jobbar prosjektet med å ferdigstille migrering før overgangen i helga 1. til 3. november.
Banken jobbar samtidig med å klargjere dei digitale kanalane på nynorsk.
– Vi vil ha med språket vårt inn i SpareBank 1-alliansen, og har tatt offensive grep for å gjere nettopp dette, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

– Viktig for oss

Bruk av nynorsk var ein del av forhandlingane med SpareBank 1, og allereie i august 2023, fire månadar etter at det var kjent at Sparebanken Sogn og Fjordane skulle inn i alliansen, lanserte alliansen ein nynorsk mobilbank. Det betyr at alle kundane i heile SpareBank 1-systemet, uavhengig av kva bank dei tilhøyrar kan velje nynorsk mobilbank.
– Vi hadde som mål at vår inntreden i alliansen skulle bidra til meir nynorsk i alliansen generelt. Rundt 10-15 prosent av landets befolkning brukar nynorsk, og dei bur over heile landet. Vi opplever at alliansen set stor pris på språkengasjementet vårt, og at dei lanserte mobilbanken på nynorsk så raskt etter, er eit solid teikn frå alliansen at dei i likskap med oss bryr seg om språket vårt, seier Teigene.
Direktør i SpareBank 1 Utvikling, Espen Kjølberg, likar språkfokuset til banken som er på veg inn i alliansen.
– Nynorskiveren til Sparebanken Sogn og Fjordane kjem både kundane og heile SpareBank 1-alliansen til gode. Som lokale sparebankar møter vi kundane der dei er – også i dei digitale flatene. SpareBank 1-bankane har kontor i mange nynorskkommunar, og fleire av kundane og medarbeidarane våre er nynorskbrukarar. Då er det viktig for oss at dei også kan nytte målforma si i mobil- og nettbanken. Sparebanken Sogn og Fjordane, snart SpareBank 1 Sogn og Fjordane, blir ei leiestjerne i nynorskarbeidet framover, seier Espen Kjølberg, administrerande direktør i SpareBank 1 Utvikling.

Omset nettsider

Rundt 10 medarbeidarar i banken jobbar no med å kvalitetssikre ein robotjobb som er gjort på 4500 sider, og klargjer desse slik at banken sine nettsider også skal vere på nynorsk.
Arbeidet blir leia av nettredaktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Inger Marie Lien.
– Vi ligg godt i rute, og ser fram til å vise dei nye nettsidene våre til kundane i november. Nynorsk er ein viktig del av identiteten til banken, og å ha med oss den vidare er heilt naturleg for oss, seier ho.
– Vi har alltid hatt nynorsk som forretningsspråk, og det ønsker vi å fortsette med. Vi vil at kundane våre skal kunne få informasjon på nettsidene våre på skriftspråket i regionen vår, og vi føler og eit ansvar for å vere med å bevare og vidareutvikle nynorsk, seier Teigene.
Sjølv om banken no brukar mykje tid, pengar og ressursar på å vidareføre nynorsk som forretningsspråk er Teigene open for at det nok vil bli meir bokmål enn før.
– Vi er og har vore ein nynorsk-bank, men har heile tida hatt noko som er på bokmål, både standardskjema og produkt via eksterne leverandørar. Så at ein finn noko bokmål hos oss er ikkje noko nytt. Men, vi har, sidan vi har bygd opp eigne flater, hatt moglegheit til å skru og trikse til manuelle løysingar på nynorsk, som no kan bli verre når vi skal over i ein allianse med sine malar og løysingar. Så kundane våre vil nok i noko større grad oppleve å få ein SMS eller eit brev på bokmål, men det betyr ikkje ei nedskalering av nynorskbruken vår. Vi har snudd alle steinar for å finne ut korleis vi kan ha med oss nynorsken vidare på ein god måte, og det har vi fått til, seier Teigene.