Blir SpareBank 1-bank i november
Frå måndag 4. november er Sparebanken Sogn og Fjordane blitt til SpareBank 1 Sogn og Fjordane. – Vi riggar oss for ein mest mogleg saumlaus overgang for kundane våre, seier administrerande direktør Trond Teigene.
Våren 2023 vart det kjent at Sparebanken Sogn og Fjordane kjøper seg inn i SpareBank 1-alliansen.
– Eit strategisk vegval som sikrar at vi i ein bransje som med stadig større kompleksitet kan drive ein sterk regionbank i eit langsiktig perspektiv, seier administrerande direktør Trond Teigene om avgjersla.
Alt skjer på ei helg
I helga 1. til 3. november blir banken sine tekniske løysingar stengt medan banken skiftar digitale løysingar. Kundane kan betale for seg som normalt, men banken sin nettbank og mobilbank er ikkje tilgjengelege akkurat denne helga. Frå måndag 4. november vil kundane kunne logge seg på ny mobil- og nettbank.
– Kundane våre vil i god tid få informasjonen dei treng rundt alle desse datoane og kva dei betyr for kundane. Vi gjer også alt vi kan for å sikre at kundane våre sin overgang til nye kort og nye digitale løysingar går enkelt for alle, fortel Teigene.
Han trur kundane vil kome godt ut av skiftet.
– Banken har fortsatt akkurat dei same rådgjevarane på dei same lokalkontora og dei same lokale eigarstiftingane som deler overskotet tilbake til samfunnet. I tillegg får kundane tilgang til ein breiare produktportefølje og det SpareBank 1 kallar “Norges mest personlege mobilbank”, seier Teigene.
Resultat på 287 millionar i andre kvartal
Banken la torsdag fram tal for årets andre kvartal. Resultatet her er på 287 millionar kroner før skatt, mot 345 millionar kroner i same kvartal i 2023.
– Resultatnedgangen skuldast auke i driftskostnadar, lågare resultat frå finansielle instrument og høgare tapsavsetting på utlån. Samstundes er det ein fin framgang i netto renteinntekter, forklarer Teigene.
Resultatet for 2. kvartal i år gir ei eigenkapitalavkastning på 12,8, %, mot 16,6 % for same kvartal i 2023.
– Vi er godt fornøgde med resultatet. 2. kvartal i fjor var spesielt godt på grunn av eit bra resultat frå finansielle instrument og tilbakeføring av tap på utlån, held Teigene fram.
Auka vekst i utlån på privatmarknaden
Veksten i utlån har også tatt seg opp igjen etter ein litt forsiktig start på 2024. I 2. kvartal auka utlån til privatmarknaden med om lag 700 millionar kroner, og banken har opplevd auka etterspurnad etter lån utover våren og inn i sommaren. I tillegg har det vore avgjerande at banken har lykkast i kampen om nye kundar, i ein tid der marknadsveksten i banken sitt kjerneområde har vore låg. Eigedomsmarknaden i Sogn og Fjordane har også tatt seg opp igjen, noko som viser igjen i omsetningstala til dotterselskapet Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.
Innanfor bedriftsmarknaden er etterspurnaden etter lån relativt låg, og banken har ein forsiktig nettovekst på knappe 100 millionar kroner i kvartalet.
– Vi opplever at optimismen er på veg tilbake i privathushaldningane. Stadig låg arbeidsløyse, rentetopp og lønnsoppgjer som langt på veg utliknar effekten av prisstigningane gjer at mange igjen vurderer bustadmarknaden som interessant. Vi har ikkje sett ein like rask oppgang i investeringsvilje blant bedriftene, men vår vurdering er likevel at næringslivet i Sogn og Fjordane klarer seg bra, seier Teigene.
Hovudlinjer 2. kvartal 2024 (Tal i parentes er same kvartal i fjor):
• Netto renteinntekter 394 mill. kr (356 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 24 mill. kr (60 mill. kr)
• Driftskostnader 159 mill. kr (128 mill. kr)
• Kostnadsprosent 34,2 % (27,7 %)
• Tap på utlån 19 mill. kr (tilbakeført/inntektsført 11 mill. kr)
• Resultat før skatt 287 mill. kr (345 mill. kr)
• Resultat etter skatt 221 mill. kr (270 mill. kr)
• Resultat etter skatt pr. EK-bevis 9,78 kr (12,03 kr)
• Eigenkapitalavkastning etter skatt 12,8 % (16,6 %)
• Kapitaldekningsprosent 20,7 % % (20,4 %)
Hovudlinjer til no i 2024 (Tal i parentes er same periode i fjor):
• Netto renteinntekter 781 mill. kr (706 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 51 mill. kr (74 mill. kr)
• Driftskostnader 316 mill. kr (255 mill. kr)
• Kostnadsprosent 34,5 % (29,6 %)
• Tap på utlån 8 mill. kr (tilbakeført/inntektsført 16 mill. kr)
• Resultat før skatt 593 mill. kr (623 mill. kr)
• Resultat etter skatt 453 mill. kr (479 mill. kr)
• Resultat pr. EK-bevis 20,04 (21,38)
• Eigenkapitalavkastning 13,1 % (14,8 %)
For meir informasjon, kontakt:
Finans- og økonomidirektør Frode Vasseth, frode.vasseth@ssf.no, 95198452
Adm. direktør Trond Teigene, trond.teigene@ssf.no, 90825086
Kommunikasjonsdirektør Johanne Sandnes, johanne.sandnes@ssf.no, 95921208