Solid resultat for Sparebanken Sogn og Fjordane

Framgang i første kvartalstala for banken med eit resultat før skatt på 278 millionar kroner.
Torsdag offentleggjorde Sparebanken Sogn og Fjordane tala for 1. kvartal i 2023.
Resultatet før skatt vart på 278 millionar, mot 186 millionar kroner før skatt same kvartal i fjor. Det gir ei eigenkapitalavkastning på 13,3 prosent mot 10,0 prosent for same kvartal i 2022.
– Banken går godt, og vi er nøgde med resultatet for første kvartal. Framgangen skuldast i hovudsak god vekst i innskot og utlån, auke i netto renteinntekter og gode bidrag frå andre inntekter, fortel administrerande direktør Trond Teigene.


Strategisk val kjent førre veke

Kvartalstala kjem ei veke etter at det var kjent at Sparebanken Sogn og Fjordane skal investere 630 millionar i SpareBank 1-alliansen.
– Det er viktig å ta dei store strategiske avgjerslene medan vi har kraft og forhandlingsmakt, slik som vi no har gjort. Ved å kjøpe oss inn i alliansen vil vi blant anna få skalafordelar og eit breiare produktspekter for kundane som legg eit godt grunnlag for at banken utviklar seg og veks vidare. Vi er godt rusta for framtida, seier Teigene.


Offensivt næringsliv

Dei siste 12 månadene har banken hatt ein utlånsvekst på 3,9 milliardar kroner. Veksten til privatmarknaden har auka med 5,8 prosent og utlån til bedriftsmarknaden har auka med 9,9 prosent.
– Utlånsveksten til næringslivet er høg, noko som fortel at bedriftene i regionen investerer i ei rekke offensive satsingar. Det er gledeleg å sjå, men bildet er sjølvsagt nyansert. Uro i verdsmarknaden påverkar nokre bransjar, og vi følgjer godt med på situasjonen, seier Teigene.

Hovudlinjer pr. 1. kvartal 2023 (Tal i parentes same kvartal i 2022)
  • Netto renteinntekter 350 mill. kr (257 mill. kr)
  • Resultat finansielle instrument 14 mill. kr (29 mill. kr)
  • Driftskostnader 127 mill. kr (118 mill. kr)
  • Tilbakeført tap på utlån 4 mill. kr (tap på 17 mill. kr)
  • Resultat før skatt 278 mill. kr (186 mill. kr)
  • Resultat etter skatt 210 mill. kr (147 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastning etter skatt 13,3 % (10,0 %)
  • Kapitaldekningsprosent 20,4 % (19,7 %)
For meir informasjon, kontakt:
Adm. direktør Trond Teigene, trond.teigene@ssf.no, 90825086
Finans- og økonomidirektør Frode Vasseth, frode.vasseth@ssf.no, 95198452