Solid 2022-resultat for Sparebanken Sogn og Fjordane

Banken fekk eit resultat på 779 millionar kroner før skatt i 2022. – Eit godt resultat vi er nøgde med, seier administrerande direktør Trond Teigene.
Tysdag offentleggjorde Sparebanken Sogn og Fjordane fjerdekvartalstala sine, og dermed også årsresultatet for 2022. Resultatet før skatt for 2022 er på 779 millioner kroner, mot 827 millionar kroner for 2021. Resultat etter skatt på 602 millionar kroner gir ei eigenkapitalavkastning på 10,2 %, mot 12,4 % året før.
– Vi er godt nøgde med resultatet for 2022. Banken har god kapitaldekning, ein solid marknadsposisjon i Sogn og Fjordane og ein god utlånsvekst. Utsiktene vart meir usikre gjennom 2022 på grunn av krigen i Ukraina, renteoppgang og prisstigning. Dette har påverka resultatet og veksten noko, spesielt på privatmarknaden, fortel administrerande direktør Trond Teigene.

Endra forbrukarmønster på privatmarknaden

Privatmarknaden hadde ein sterk vekst gjennom året, men siste månadane flata veksten noko ut.
– Utlånsvekst for privatmarknaden bremsa opp i 4. kvartal og vi endar ut på 6,3 % utlånsvekst i 2022. Det er likevel ein sterk utlånsvekst samanlikna med underliggande kredittvekst, seier Teigene.
Auka prisar og hyppig renteauke frå Norges bank påverkar forbrukaren.
– Totalinntrykket vårt er at kundane til banken har eit bra utgangspunkt til å
takle auka renter og høgare prisar, men samtidig må vi vere budde på at enkelte kundar kan få utfordringar framover. Rådgjevarane våre er tett på, og kjenner ein seg usikker på eigen økonomi, ta kontakt med oss, seier Teigene.

1,1 milliard i auka utlån til lokalt næringsliv

Utlånsveksten på bedriftsmarknaden tok seg opp i 2. halvår og var god også i 4. kvartal.
– Næringslivet i Sogn og Fjordane står seg totalt sett godt, og investeringsviljen er god. Vi enda dermed på 7,9 % 12-månaders vekst på bedriftsmarknad, som er ein vesentleg auke frå året før, fortel han.
Teigene forklarar at næringslivet i Sogn og Fjordane normalt opplever mindre svingingar i urolege tider enn i resten av landet.
– Nokre bransjar er prega av høgare priser, lengre leveringstid og renteauke, men så langt har næringslivet stått seg godt og har investert vidare for framtidig vekst. At vi har auka utlåna våre til bedriftsmarknaden med 1,1 milliard siste året er eit uttrykk for dette, seier han.

Rekordhøge gåvesummar

Over 300 initiativ fekk gåve frå overskotet til banken i 2022.
– Gåveåret 2022 var rekordhøgt. Gjennom året vart 56 millionar av overskotet vårt delt ut til lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane, fortel Teigene.
Desse midlane vart gitt gjennom eigarstiftingane til banken, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler, i tillegg til gåver direkte frå banken.
– Det er utruleg viktig at overskotet kjem frivilligheita til Sogn og Fjordane til gode, og at gode tiltak innanfor for næringsutvikling, utdanning, kultur og idrett for midlar går til å sikre levande lokalsamfunn, seier Teigene.

Lukkast med rekruttering

Dei siste 4-5 åra har banken rekruttert over 150 nye tilsette.
– Vi har vore gjennom eit generasjonsskifte dei siste åra, i tillegg til eit auka behov for ny type kompetanse. Vi er stolte av at vi har lukkast med å rekruttere innanfor ein rekke fagområde i ein stram arbeidsmarknad. Vi jobbar målretta for å vere ein attraktiv arbeidsplass i regionen, fortel Trond Teigene.
Hovudlinjer 4. kvartal 2022 isolert
  • Netto renteinntekter 332 mill. kr (250 mill. kr)
  • Resultat finansielle instrument 1 mill. kr (63 mill. kr)
  • Driftskostnader 128 mill. kr (123 mill. kr)
  • Tap på utlån 30 mill. kr (1 mill. kr)
  • Resultat etter skatt 169 mill. kr (196 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastning 11,0 % (13,7 %)
Hovudlinjer pr. 4. kvartal 2022 hittil i år
  • Netto renteinntekter 1.148 mill. kr (945 mill. kr)
  • Resultat finansielle instrument 0 mill. kr (173 mill. kr)
  • Driftskostnader 499 mill. kr (483 mill. kr)
  • Tap på utlån 36 mill. kr (inntektsført 37 mill. kr)
  • Resultat etter skatt 602 mill. kr (666 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastning 10,2 % (12,4 %)
  • Kapitaldekningsprosent 20,2 % (19,4 %)
Alle tal som er kommenterte gjeld for konsernet, om ikkje anna er oppgitt. Tal i parentes er tal for 2021.