Sparebanken Sogn og Fjordane kjøper seg inn i SpareBank 1 – investerer 630 millionar for å bli medeigar

Sparebanken Sogn og Fjordane har inngått ein avtale for å bli medeigar i SpareBank 1-alliansen. – Dette vil styrke banken si rolle i Sogn og Fjordane i eit langsiktig perspektiv, seier administrerande direktør Trond Teigene.
SpareBank 1-alliansen er Norges største bankallianse og er eigd av 13 sjølvstendige sparebankar over heile landet. Som den 14. medeigaren får Sparebanken Sogn og Fjordane stordriftsfordelar og eit endå breiare produktspekter. Banken vert den sjette største banken i alliansen.
– Å vere ei kraftfull finansieringskjelde for bedriftene i Sogn og Fjordane er vårt viktigaste samfunnsoppdrag. Denne investeringa vil gjere oss til ein sterkare partner for næringslivet og lokalsamfunna i regionen vår. Logoen vert ny, men styrken vår er framleis lokalt nærvær, lokal kompetanse og lokale avgjersler. Slik vil det også vere i framtida, seier Teigene.

Lokalt eigarskap og ein bank på nynorsk

Banken vil framleis vere eigd av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Fjaler og tilsette i banken. Og som i dag vil gåver frå overskotet bli delt ut til lokalsamfunnet.
– At vi kjøper oss inn i SpareBank 1-alliansen er ei strategisk investering for å sikre at vi styrkar grunnmuren til banken. Lokalt eigarskap via stiftingane og kontorstrukturen vår vil vere som før. Det same gjeld målforma vår. Vi er stolt over å vere ein nynorskbank, og jobbar for å betre nynorsktilbodet i heile SpareBank 1-alliansen, seier Teigene.
Sparebanken Sogn og Fjordane vart etablert i 1988, men har røter tilbake til 1842.
– Å investere i SpareBank 1-alliansen er den største milepælen i banken på 35 år. Vi har alltid endra oss i takt med samfunnet og gjort val som sikrar at vi styrkar oss for framtida. Den teknologiske utviklinga og endringar i finansnæringa går raskt, og eit eigarskap i alliansen vil gjere det enklare å framleis vere i forkant. Investeringa gjev oss tilgang til eit breitt produktspekter, kompetansesamarbeid for dei tilsette i banken og skalafordelar på innkjøp, teknologi og kostnadar, seier Teigene.
– Kva betyr dette for kundane våre?
– På ei god stund betyr dette ingen endring for kundane vår. Etter kvart vil dei til dømes få ny nett- og mobilbank, men rådgjevaren og banken vil vere den same, seier Teigene.

Sparebanken Sogn og Fjordane vil styrke SpareBank 1-alliansen

Banken har inngått avtale med SpareBank 1 SamSpar, som er ei eigargruppering i SpareBank 1-alliansen. Det er avtala at banken skal investere 630 millionar kroner for 13 % eigardel i SamSpar og tilgang til Sparebank 1-alliansen.
– Vi opplever at Sparebanken Sogn og Fjordane er ein svært spennande tilvekst for oss i SamSpar. Sparebanken Sogn og Fjordane sin inngang vil gi auka kraft og styrke til SpareBank 1-alliansen, til SamSpar og for banken sjølv. Vi opplever at banken sin kultur og visjonar harmonerer godt med kva vi ønskjer å stå for i SpareBank 1. Vi føler oss i tillegg trygge på at banken vil bidra svært positivt i samarbeidet med sin kompetanse og sin nærleik til eit spanande marknadsområde, seier administrerande direktør i SpareBank 1 SamSpar, Vidar Horne.

Ut av Frende

Banken gjekk inn i Frende Forsikring i 2014 og eig i dag knappe 10% av selskapet. Som følgje av inngangen i Sparebank 1 vil Sparebanken Sogn og Fjordane avvikle sitt eigarskap i Frende, men skal inn til det skjer halde fram med å selje forsikringar frå Frende. 
– Det har vore ni spennande år, og vi ser tilbake på eit svært godt samarbeid med Frende, Sparebanken Vest og dei andre eigarane i selskapet, seier Teigene.
For meir informasjon, kontakt:
Sparebanken Sogn og Fjordane:
Adm.direktør Trond Teigene, 908 25 086, trond.teigene@ssf.no
Ved booking av avtalar: 
Kommunikasjonsdirektør Johanne Sandnes, tlf: 959 21 208, johanne.sandnes@ssf.no
Kommunikasjonsrådgjevar Kristian Helle, 476 28 251, kristian.helle@ssf.no
SamSpar:
Adm.direktør Vidar Horne, 993 20 424, vidar.horne@samspar.no
Styreleiar Per Halvorsen, 934 07 441, per.halvorsen@sb1sorost.no