God vekst trass urolege tider

Torsdag offentleggjorde Sparebanken Sogn og Fjordane kvartalstala sine for tredje kvartal. Tala viser god utlånsvekst både i privatmarknaden og til bedriftskundane.
Dei siste 12 månadene har utlån til privatmarknaden hatt ein vekst med 7,0 prosent.
- Dei siste 20 åra har vi hatt ein offensiv vekststrategi utanfor kjerneområdet Sogn og Fjordane, og denne skalerte vi i endå større grad opp i 2022 med eigen avdeling som jobbar kun mot nye kundar utanfor regionen, fortel administrerande direktør Trond Teigene.
Samtidig er han tydeleg på forankringa og fokuset banken har lokalt.
- Den nasjonale veksten styrker vår evne til å vere offensive i kjerneområdet vårt og å vere ein god finansieringskjelde for næringslivet vårt. Å vere tett på er ekstra viktig med tanke på dei urolege tidene vi er inne i, og våre tilsette på dei 14 lokalkontora i regionen er klare til å bistå kundane våre, både på privat- og bedriftsmarknaden, fortel han.

Solid næringsliv i regionen

Utlån til bedriftsmarknaden har auka med 6,1 prosent dei siste 12 månadane, til trass for det urolege verdsbiletet.
- Totalt sett går det bra med næringslivet i Sogn og Fjordane. Historisk har vi sett ein næringsstruktur i Sogn og Fjordane som ofte ikkje opplever like store svingingar som bedriftene på vestlandet generelt - sjølv om verda rundt er usikker. Men samtidig er det ingen tvil om at det som skjer i verda, også treff oss i Sogn og Fjordane. Inflasjon, renteauke, energikrise og knappheit på varer får konsekvensar for delar av næringslivet, og banken føl situasjonen tett, seier Teigene.
Resultatet før skatt for 3. kvartal isolert er på 185 millionar kroner mot 229 millionar kroner for same periode i fjor.
- Vi er totalt sett nøgd med kvartalstala våre. Nedgangen i resultatet skuldast i hovudsak negativt resultat frå finansielle instrument i tredje kvartal i år, mot eit spesielt godt resultat for 3. kvartal i fjor.Vi er og nøgd med å i tredje kvartal passere milepælen med over 70 milliardar i forvaltningskapital, fortel administrerande direktør Trond Teigene.
Hittil i år har Sparebanken Sogn og Fjordane eit resultat etter skatt på 433 millionar kroner, noko som gir ei eigenkapitalavkastning på 9,8 prosent.

Dyrare enn før

Prisauke pregar samfunnet, og Sparebanken Sogn og Fjordane ser at privatkundane har større utgifter enn før.
- Våre personkundar brukar meir pengar på faste kostnadar no. Til dømes ser vi at kundane brukar mellom 8 og 12 prosent meir på bilhald og matvarer i høve til same periode i fjor, fortel Teigene.
Men sjølv om kundane har auka utgifter, ser det ut til at kundane stort sett klarar seg godt.
- Vi ser så langt berre ei mindre auke i førespurnad om avdragsfritak på lån, men vi føl situasjonen tett vidare, seier Teigene.
Hovudlinjer 3. kvartal 2022 isolert (tal i parantes er same periode i fjor)
  • Netto renteinntekter 291 mill. kr (235 mill. kr)
  • Resultat finansielle instrument -18 mill. kr (36 mill. kr)
  • Driftskostnader 128 mill. kr (117 mill. kr)
  • Tap på utlån 2 mill. kr (inntektsført 37 mill. kr)
  • Resultat etter skatt 143 mill. kr (176 mill. kr)
    Eigenkapitalavkastning 9,6 % (12,7 %)

Hovudlinjer pr. 3. kvartal 2022 hittil i år
  • Netto renteinntekter 816 mill. kr (694 mill. kr)
  • Resultat finansielle instrument 0 mill. kr (110 mill. kr)
  • Driftskostnader 371 mill. kr (360 mill. kr)
  • Tap på utlån 6 mill. kr (inntektsført 37 mill. kr)
  • Resultat etter skatt 433 mill. kr (470 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastning 9,8 % (11,7 %)
  • Kapitaldekningsprosent 19,6 % (19,0 %)
Kontakt oss:
Finans- og økonomidirektør Frode Vasseth, frode.vasseth@ssf.no (mailto:frode.vasseth@ssf.no), 95 19 84 52
Adm. dir Trond Teigene, trond.teigene@ssf.no (mailto:trond.teigene@ssf.no), 90 82 50 86