Rusta for krevjande tider

06.05.2020
Sparebanken Sogn og Fjordane står seg godt, men merkar at korona-situasjonen pregar samfunnet vårt.
Resultatet før skatt er på 29 millionar kroner mot 159 millionar kroner for same kvartal i fjor. Resultatet er sterkt prega av verknadane koronakrisa får for bedriftene i banken sitt kjerneområde. Resultatnedgangen skuldast 80 millionar som er sett av til forventa tap på utlån, og negativt resultat frå finansielle instrument på 49 millionar kroner. Begge delar grunna koronapandemien. Sparebanken Sogn og Fjordane er likevel solid og har ein kjernekapitaldekning på 15,9 prosent som er godt over regulatorisk krav og ein god utlånsvekst på seks prosent siste tolv månadar.
– Sparebanken Sogn og Fjordane har levert gode resultat over tid, det gjer at banken er solid og har likviditet til å stå støtt gjennom situasjonen vi er i. Vi har alltid sagt at vårt aller viktigaste samfunnsansvar er å vere ein sterk muskel for næringslivet i Sogn og Fjordane, og det har aldri vore meir sant. Våre 40 tilsette på bedriftsmarknaden følgjer næringslivet tett. Sparebanken Sogn og Fjordane har seks av ti aksjeselskap i Sogn og Fjordane som kundar, og ei av våre viktigaste oppgåver er å hjelpe våre bedriftskundar som har fått utfordringar som følgje av tiltaka myndigheitene har gjennomført gjennom ei krevjande tid, fortel administrerande direktør Trond Teigene.
Vil hjelpe organisasjonar i koronavanskar
Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har ei ramme på om lag 55 millionar kroner i gåver- og sponsormidlar for 2020, og har blant anna sett opp ei ekstraordinær søkarrunde for lag og organisasjonar som treng pengestøtte grunna koronakrisa.
– Banken skal vere ein trygg og langsiktig støttespelar for kultur, idrett og næringsretta tiltak i lag med våre eigarstiftingar. Vi vil at Sogn og Fjordane skal ha eit allsidig kulturliv og mykje aktivitet i lokalmiljøa, og håpar atlag og organisasjonar som vert råka av koronasituasjonen søker midlar hos eigarstiftinga vår, seier Teigene.
Ein del av dugnaden
Samfunnet har vore i ein heilt ekstraordinær situasjon sidan 12. mars, då koronaviruset gjorde at nedstenginga av Norge trådde i kraft.
– For oss har det vore viktig å vere med på dugnaden. Først og fremst handlar dette om liv og helse, og vi har frå starten gjort det vi kan for å redusere spreiing av koronaviruset. Kontora våre har vore opne etter avtale for kundar, men åtte av ti av våre tilsette har jobba på heimekontor sidan 13. mars. Vi har jobba aktivt med å nå ut med relevant informasjon til både tilsette og kundar, og var raskt ute med avdragsfriheit til privatkundar som vart råka av permitteringar, seier Teigene.
Komplisert rentebilete
Netto renteinntekter er på 250 millionar kroner og er auka med 30 millionar kroner eller 13,7 prosent i forhold til 1. kvartal i fjor.
– Rentebilete endra seg mykje mot slutten av kvartalet, som følgje av koronapandemien, uro i finansmarknaden og Norges Bank sine endringar i styringsrenta. Desse endringane kom så seint at det i liten grad påverka rentenettoen i 1. kvartal, men det vil påverke utviklinga og banken sine innlånskostnadar vidare i år, fortel Teigene.
HOVUDLINJER PR. 1. KVARTAL 2020 (Tal frå 2019 i parantes)
Netto renteinntekter 250 mill. kr (220 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument -49 mill. kr (30 mill. kr)
• Driftskostnader 124 mill. kr (122 mill. kr)
• Tap på utlån 80 mill. kr (1 mill. kr)
• Totalresultat 12 mill. kr (126 mill. kr)
• Eigenkapitalavkastning 0,9 % (10,8 % p.a.)
• Kapitaldekningsprosent 19,00 % (18,18 %)
For meir informasjon, kontakt:
Trond Teigene – mobil 908 25 086
Frode Vasseth - mobil 951 98 452