No lanserer Sparebanken Sogn og Fjordane Apple Pay


18.11.2020

Ein enkel og trygg måte å betale på
Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr no kundane sine Apple Pay som betalingsmiddel. No kan kundane våre kjapt og enkelt betale i butikken, i appar og på netttet ved å bruke Apple Pay på iPhone, Apple Watch, iPad og Mac.
Sikkerheit og personvern er kjernen i Apple Pay. Når du bruker eitt av korta våre med Apple Pay, blir ikkje kortnummeret ditt lagra, verken på eininga di eller hos Apple. I staden blir det tildelt eit unikt brukarnummer, som blir kryptert og trygt lagra i SE (Secure Element) på eininga di. Kvar transaksjon blir godkjent med ein unik og dynamisk eingangskode.
Apple Pay er enkelt å aktivere, og du vil framleis behalde bonuspoeng og andre fordelar du har gjennom kreditt- og debetkorta våre. Apple Pay kan aktiverast på Visa Debet, Visa Classic og Visa Kreditt frå Sparebanken Sogn og Fjordane.
Har du ein iPhone eller Apple Watch kan du betale med Apple Pay i butikkar, på restaurantar og mange fleire plassar. Bruker du Apple Pay og Safari som nettlesar når du gjer kjøp i appar eller handlar på nettet, treng du ikkje å fylle ut lange skjema med frakt og betalingsinformasjon. No kan du godkjenne alle kjøp med berre eit blikk eller berøring med Face ID eller Touch ID, eller med passordet som du har på telefonen eller Mac’en din.