Roy Stian blir direktør for bedriftsmarknad

25.11.2020
Roy Stian Farsund (45) frå Jølster blir ny direktør for bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Roy Stian Farsund kjem frå stillinga som banksjef for bedriftsmarknad Sunnfjord i same bank, og startar som direktør for bedriftsmarknad rett over nyttår.

– Eg er veldig motivert og gler meg til å ta fatt på denne oppgåva. Banken har ei viktig rolle som ei drivkraft i lokalsamfunnet vårt, og eg ser fram til å få vere med å løfte fram og realisere gode prosjekt i regionen. Vi er avhengige av eit godt samspel med bedriftskundane våre for å sikre eit godt og robust næringsliv, og eg ser fram til å jobbe tett saman med det mangfaldige og spennande næringslivet i Sogn og Fjordane, seier Farsund.

Banken har 6 av 10 aksjeselskap i Sogn og Fjordane som kundar, og har eit samla utlån på 13,6 milliardar til næringslivet i regionen. Han tar over direktørrolla i ei tid ei tid der pandemien har skapt store omveltingar for næringslivet.

– Eg kjenner på det ansvaret. Tida vi er i no berer preg av stor usikkerheit for ulike delar av næringslivet, og det er krevjande for fleire av kundane våre. Vi har heilt frå starten av nedstenginga i mars vore tett på kundane våre for å finne gode løysingar for dei, og det kjem vi til å fortsette med, seier Farsund.

Farsund har økonomiutdanning frå Sogndal og har ein master i strategisk leiing frå BI. Farsund kom frå Nordea til Sparebanken Sogn og Fjordane i 2008, og har sidan 2013 vore banksjef for bedriftsmarknad i Sunnfjord. Han tar over etter Kjetil Bjørset (64), som framover skal jobbe spissa mot storkundesegmentet i banken.

– Vi har hatt mange gode kandidatar til stillinga, og det er alltid kjekt når ein finn den beste kandidaten internt. Eg er trygg på at Roy Stian har det som trengs for å vere ein god støttespelar for næringslivet og til å utvikle bedriftsmarknadsmiljøet i banken vidare. Han har ei lang fartstid i finans og ei god kjennskap til det lokale næringslivet i Sogn og Fjordane, seier administrerande direktør Trond Teigene.

For meir informasjon, kontakt:
Påtroppande direktør bedriftsmarknad, Roy Stian Farsund, 90 62 21 23, roy.stian.farsund@ssf.no
Adm. Direktør Trond Teigene, 90 82 50 86, trond.teigene@ssf.no