Topplassering i kundekåring - best på tillit og omdømme for andre år på rad

28.09.2020
Den årlege bransjeundersøkinga til EPSI viser at kundetilfredsheita i bankbransjen har gått ned, men Sparebanken Sogn og Fjordane går mot straumen og har endå meir nøgde kundar enn i fjor. – Fantastisk stolt, seier direktør for privatmarknad, Linda Vøllestad Westbye.
For andre året på rad er Sparebanken Sogn og Fjordane med i EPSI-undersøkinga, som undersøker kundetilfredsheita for privatmarknadkundar i bankbransjen.
På fleire punkt går banken heilt til topps, og skil seg og ut som ein aktør med stigande tilfredsheit blant kundane, medan bransjen totalt går ned.

- Det har vore eit spesielt år, og det gjer det ekstra kjekt for oss å vite at vi har klart å støtte kundane våre og gjeve ei god oppleving i ei tid der korona har endra samfunnet vårt, seier direktør for privatmarknad, Linda Vøllestad Westbye.

Førsteplass på omdømme
Banken kom på førsteplass på omdømme i fjor, og held posisjonen med ein høgare poengsum enn i 2019. Banken kjem og på førsteplass på tillit, service og relasjon. Totalt kjem Sparebanken Sogn og Fjordane på ein andreplass i bransjen, og held dermed posisjonen frå fjoråret.

- Undersøkinga viser at kundane meiner det er lett å få kontakt med oss, at vi er på tilbodssida og at dei føler seg ivaretatt. Vi er audmjuke, stolte og utruleg takknemlege for tilbakemeldinga, og dette motiverer oss til å jobbe endå hardare for den gode kundeopplevinga, seier Vøllestad Westbye.

Lokalt engasjement
Sparebanken Sogn og Fjordane kjem også høgt opp på spørsmålet om banken er flinke til å gi tilbake til lokalsamfunnet.

- Det er viktig for oss å få vere med å skape arbeidsplassar, fritidsaktivitetar og kulturtilbod i regionen, og banken har ein lang gåve- og sponsortradisjon. Vi opplever at kundane syns dette er viktig, fordi dei sjølv er opptatt av lokalsamfunnet sitt, og ønskjer ein bank som er det same, seier adm. direktør Trond Teigene.

På bilde: Linda Vøllestad Westbye (brun jakke), saman med to av kunderådgjevarane i banken: Inger Helene Øvrebø og Torbjørn Olset. – Eg er veldig stolt av rådgjevarane våre som står på kvar dag for den gode kundeopplevinga, seier ho.

For meir informasjon, kontakt:
Direktør privatmarknad, Linda Vøllestad Westbye, 97672504, linda.westbye@ssf.no
Leiar marknad og kommunikasjon, Johanne Sandnes, 95921208, johanne.sandnes@ssf.no