Pussar opp – og sparar resten

29.10.2020
Koronapandemien skapar nye bruksmønster hos folk.
Koronapandemien har skapt det største fallet i global økonomisk aktivitet i nyare historie. Då Norge stengte ned fekk mange bedrifter akutt inntektsstopp. Dette påverka kundane til banken. Seks månader seinare ser banken eit meir nyansert bilde.

– Mange har kome godt ut av krisa, og har reelt sett ein betre situasjon no enn før koronapandemien, medan andre framleis står midt opp i det som ser ut til å bli ei langvarig krise, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

I mai var talet på privatkundar med avdragsfritak dobla frå nivået før pandemien braut ut. No er talet nede i tilnærma likt nivå som før korona igjen.

– Det same bildet ser vi også på arbeidsløysa i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane er, tradisjonen tru, det området i Norge med den lågaste arbeidsløysa, og etter å ha vore oppe på over 8 prosent i april er vi no nede igjen på to prosent, fortel Teigene, men understrekar:

– Krisa er på ingen måte over, det ser vi tydeleg no med smitteauke i samfunnet, så det vil truleg vere urolege tider i lang tid framover, seier han.

Tredobla avdragsfritak i mai
Avgiftsfritak til bedriftsmarknaden går også ned dette kvartalet, etter at talet nærast tredobla seg i april og mai. No nærmar det seg normalen, men det er framleis usikkert i fleire næringar.

– Koronapandemien har svekka inntektene til mange bedrifter, medan andre har klart seg godt. Aktørar innan til dømes hotell, reiseliv og delar av varehandelen er spesielt råka. Situasjonen er framleis usikker for mange bedrifter og vi følgjer situasjonen tett, seier Teigene.

Sparkling og sparing
Koronapandemien og tiltaka frå mellom anna Norges Bank førte til lågare lånerente for mange, noko som igjen påverkar privatøkonomien til nordmenn. Dei som ikkje har blitt råka av permitteringar og arbeidsløyse, har no har meir å rutte med kvar månad.

I tillegg måtte mange endre ferieplanane, og sjølv om mange reiste på norgesferie sank likevel pengebruk på fly og overnatting med 46 prosent.

– Kundane våre har totalt brukt 29 prosent meir på oppussing av hus og hagestell sidan starten av mars i høve til same periode i fjor, fortel Teigene.

I tillegg til å svinge målekosten, har kundane til Sparebanken Sogn og Fjordane auka sparinga si.

– Spareavtalar i fond har gått opp med 45 prosent sidan koronakrisa starta. Vi ser at spesielt dei kvinnelege kundane har kasta seg på. Dei sparar 71 prosent meir i fond enn før, seier han.

4 milliardar i utlånsvekst
Dei siste 12 månadene har utlån til privatmarknaden auka med 6,6 prosent og utlån til bedriftsmarknaden med heile 9,0 prosent. Utlånsveksten dei siste 12 månadane er samla om lag 4 milliardar kroner.

– Vi har sterk vekst, og vi står oss godt i konkurransen om kundane, seier Teigene.

Den årlege bransjeundersøkinga EPSI viser at kundetilfredsheita i bankbransjen har gått ned, men Sparebanken Sogn og Fjordane går mot straumen og har endå meir nøgde kundar enn i fjor. Totalt kom banken på andreplass i den nasjonale kundeundersøkinga.

– Vi kjem heilt på topp på tillit og omdøme, og det gler oss sjølvsagt. Det har vore eit annleisår, og då er det ekstra viktig for oss å vite at vi har klart å vere der for kundane våre og gjeve dei ei god oppleving, seier Teigene.

Auka avsetning til tap
Totalresultata for 3. kvartal for Sparebanken Sogn og Fjordane er på 95 millionar kroner, mot 148 millionar i same periode i fjor. Totalresultatet hittil i år er på 325 millionar kroner og dette er 65 millionar kroner lågare enn per tredje kvartal i 2019.

– Resultatnedgangen skuldast auka avsetning til tap på utlån og lågare rentenetto og er direkte relatert til koronapandemien. Avsetninga til tap på utlån er basert på forventningar om utviklinga framover og er eit usikkert estimat. Sett i lys av koronapandemien og generelt krevjande tider for ein del av kundane våre, så har konsernet eit tilfredsstillande resultat hittil i år, seier Teigene.

Hovudlinjer 3. kvartal 2020 isolert
• Netto renteinntekter 223 mill. kr (241 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 7 mill. kr (45 mill. kr)
• Driftskostnader 114 mill. kr (119 mill. kr)
• Tap på utlån 26 mill. kr (9 mill. kr)
• Totalresultat 95 mill. kr (148 mill. kr)
• Eigenkapitalavkastning 7,3 % p.a. (12,5 % p.a.)

Hovudlinjer pr. 3. kvartal 2020 (hittil i år)
• Netto renteinntekter 674 mill. kr (690 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 87 mill. kr (95 mill. kr)
• Driftskostnader 350 mill. kr (360 mill. kr)
• Tap på utlån 112 mill. kr (18 mill. kr)
• Totalresultat 325 mill. kr (390 mill. kr)
• Eigenkapitalavkastning 8,6 % p.a. (11,2 % p.a.)
• Kapitaldekningsprosent 17,99 % (18,1 %)

Alle tal som er kommentert gjeld for konsernet, om ikkje anna er oppgitt. Tal i parentes er tal for same periode i 2019.

For meir informasjon, kontakt:
Adm. direktør, trond.teigene@ssf.no, 90825086
Økonomi og finansdirektør Frode Vasseth, frode.vasseth@ssf.no, 95198451
Leiar for marknad og kommunikasjon, Johanne Sandnes, johanne.sandnes@ssf.no, 95921208

Kvartalsrapportane finn du på ssf.no her.
Bilde finn du her.