Sparebanken Sogn og Fjordane på direktørjakt

Sparebanken Sogn og Fjordane søker etter ny direktør for bedriftsmarknad.
Sparebanken Sogn og Fjordane har 6 av 10 aksjeselskap i Sogn og Fjordane som kundar, og har eit samla utlån på 13,6 milliardar til næringslivet i regionen. Det siste året har banken hatt ein vekst på 1 milliard kroner i utlån til bedriftsmarknaden, noko som gjev ein 12 månadars vekst på 8,2 prosent.
Bedriftsmarknadsmiljøet i banken består av rundt 40 tilsette.
– Kandidatane vi søker er nokon med ein miks av tung fagkunnskap, god kjennskap til næringslivet og solide leiarkvalitetar. Vi søker ein som kan vidareutvikle marknadsposisjonen i Sogn og Fjordane og som kan leie og motivere vårt kompetente bedriftsmarknadmiljø, fortel administrerande direktør Trond Teigene.
Noverande direktør for bedriftsmarknad, Kjetil Bjørset (64), ønskjer å gå over i ei stilling der han kan jobbe meir spissa mot storkundesegmentet på bedriftsmarknaden.
– Eg har hatt stor glede av å ha Kjetil i leiargruppa mi. Han er eineståande på kunderelasjonar og sit på ein enorm kunnskap om næringslivet i Sogn og Fjordane. Eg er glad for at vi i banken, og næringslivskundane våre, framleis vil få nyte godt av Kjetil framover, seier Teigene.
– Vi søker breitt og kjem til å gjennomføre ein grundig prosess for å finne den beste kandidaten til å utvikle vår posisjon på næringsliv vidare, seier Teigene.
For meir info, kontakt:
Trond Teigene, 90 82 50 86, trond.teigene@ssf.no
Kjetil Bjørset, 91 31 22 50, kjetil.bjorset@ssf.no