– Gledeleg å sjå at det går betre for næringslivet

Fleire av næringskundane, også dei i dei mest utsette bransjane, har klart seg betre enn frykta då koronakrisa kom.
Sparebanken Sogn og Fjordane fekk i andre kvartal eit resultatet før skatt på 248 millionar kroner mot 159 millionar kroner for same kvartal i fjor. Kvartalsresultatet er prega av verdiauke på aksjepostar, god utlånsvekst og høg aktivitet i marknaden.
Etter eit førstekvartal med eit resultat på 29 millionar før skatt, ser andre kvartal annleis ut for Sparebanken Sogn og Fjordane. Resultatet for 2. kvartal gir ein eigenkapitalavkastning på 17,6 prosent etter skatt mot 10,1 prosent for 2. kvartal i fjor.
– Totalresultatet er vesentleg betre enn for 1. kvartal i år, som var prega av høge avsetningar til tap på grunn av koronapandemien. Resultatet for 2. kvartal er først og fremst påverka av ein verdiauke på vår aksjepost i Frende Holding som løftar resultatet. Dette kjem som følgje av nye eigarar i Frende, som medfører ein betydeleg verdiauke på selskapet. Denne transaksjonen aleine løftar kvartalsresultatet vårt med 117 millionar kroner, fortel administrerande direktør Trond Teigene.
Driftskostnadene er på 112 millionar kroner og er redusert med 7 millionar kroner i forhold til same periode i fjor. Samstundes er tapsavsetningane låge i dette kvartalet, med netto 6 millionar kroner i nye avsetningar. Dette er ein vesentleg reduksjon frå 1. kvartal.
– 2020 er eit år med mykje svingingar. Vi gler oss over det gode resultat grunna finansielle postar, men ser samtidig at netto renteinntekter og andre inntekter er lågare enn for 2. kvartal i fjor på grunn av nullrenta frå Norges Bank som følgje av koronapandemien, seier Teigene.
1 milliard i utlånsvekst til næringslivet
Banken har ein vekst på utlån til bedriftskundar på 1 milliard kroner det siste året, noko som gir ein 12 månadars vekst på heile 8,2 prosent.
– Utlånsveksten kjem frå fleire bransjar, men er mest synleg innanfor fiskeri, oppdrett og vasskraft. Ein god del av dette er investeringar som var planlagd før Korona. Veksten kjem også som følgje av at banken har stilt opp med likviditet til bedriftskundane og samtidig fått nye kundar, noko som har styrka posisjonen som den leiande næringslivsbanken i Sogn og Fjordane, seier Teigene.
På bedriftsmarknaden er det særleg bransjar som hotell, reiseliv og deler av varehandelen som er sterkast råka av koronapandemien, men for mange går det betre enn frykta.
– Dei samla kortsiktige verknadane av korona er mindre alvorlege enn venta for næringslivet i Sogn og Fjordane. Mange aktørar innan reiseliv har hatt større aktivitet i sommar enn tidlegare år. Dei langsiktige verknadane av koronapandemien er likevel usikre, og utviklinga i verdsøkonomien vil påverke utviklinga også for næringslivet her.
Støtteordningar frå staten gjennom statsgaranterte lån og kontantstøtte reduserer dei negative konsekvensane for næringslivet. Banken har per andre kvartal 2020 innvilga om lag 140 millionar kroner i statsgaranterte lån til bedrifter i Sogn og Fjordane.
Høg aktivitet i privatmarknaden
Veksten på privatmarknaden held seg sterk med ein 12 månadars utlånsvekst på 6,0 prosent, noko som betyr at banken styrkar sin marknadsposisjon også her.
– Banken har opplevd ein sterk konkurranse om spesielt bustadlånkundane, og det er gledeleg at veksten vår er sterk og over marknadsveksten også i 2. kvartal. Det har vore høgare aktivitet i bustadmarknaden enn vanleg i sommar, noko vi har merka godt, seier Teigene.
Stolt av tilsette og lokalsamfunnet
Våren og sommaren har vore ein periode med stort trykk frå kundar som har stått i ein ekstraordinær situasjon med uvante problemstillingar, men også høg aktivitet på eksisterande og nye kundar elles.
– Eg er stolt over innsatsen frå våre tilsette som gir resultat i form av solid vekst, seier Teigene.
I ei tid der 1-metersregelen rådar og samfunnet er full av uvante reglar, har mange tenkt nytt.
– Eg er imponert over omstillingsevna til bedrifter, lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane som har vist kreativitet og omstillingsvilje i ei tid med tapte inntekter, og gjort det beste ut av ein vanskeleg situasjon, seier Teigene.
HOVUDLINJER (TAL FRÅ 2019 I PARANTES)
2. KVARTAL 2020 ISOLERT
  • Netto renteinntekter 202 mill. kr (230 mill. kr)
  • Resultat finansielle instrument 129 mill. Kr (20 mill. kr)
  • Driftskostnader 112 mill. kr (119 mill. kr)
  • Tap på utlån 6 mill. kr (8 mill. kr)
  • Totalresultat 219 mill. kr (117 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastning 17,6 % p.a. (10,1 % p.a.)
HOVUDLINJER PR. 2. KVARTAL 2020 HITTIL I ÅR
  • Netto renteinntekter 452 mill. kr (450 mill. kr)
  • Resultat finansielle instrument 80 mill. Kr (50 mill. kr)
  • Driftskostnader 236 mill. kr (241 mill. kr)
  • Tap på utlån 86 mill. kr (9 mill. kr)
  • Totalresultat 230 mill. kr (243 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastning 9,1 % p.a. (10,4 % p.a.)
  • Kapitaldekningsprosent 18,6 % (18,2 %)
For meir info, kontakt:
Administrerande direktør Trond Teigene, 90 82 50 86, trond.teigene@ssf.no
Finansdirektør Frode Vasseth, 95 19 84 52, frode.vasseth@ssf.no