Renteendring i Sparebanken Sogn og Fjordane

07.05.2020
Sparebanken Sogn og Fjordane set ned renta som følgje av renteendring i Norges Bank og ein krevjande situasjon i norsk økonomi.
Vi set ned renta på bustadlån og innskot inntil 0,40 prosentpoeng. For eksisterande kundar vil den nye lånerenta vere gjeldande frå 26.5.2020.
– Sparebanken Sogn og Fjordane ser at koronaviruset fører til økonomiske konsekvensar for mange. Vi følger kundane våre og situasjonen tett. Med bakgrunn i dette har vi dei siste to månadane sett ned bustadlånsrenta tre gangar, samla inntil 1,25 prosentpoeng, seier finans og økonomidirektør Frode Vasseth.
Ny beste rettleiande rente for grønt bustadlån er 1,70% nominell rente. Informasjon om renteendring blir sendt i nettbanken eller post.
For meir informasjon, kontakt:

Finans og økonomidirektør Frode Vasseth, frode.vasseth@ssf.no,
Direktør privatmarknad Linda Vøllestad Westbye, linda.westbye@ssf.no