Nysignert med både globale og lokale berekraftsamarbeid

Sparebanken Sogn og Fjordane har denne hausten signert med FNs klimainitiativ og Klimapartnere Vestland. – Det er viktig at vi i finansnæringa forpliktar oss på berekraft, seier administrerande direktør Trond Teigene.
FNs klimainitiativ innan finans (UNEP FI) er eit globalt partnarskap mellom FN og finanssektoren for å mobilisere berekraftig utvikling i bransjen. Ved å signere forpliktar banken seg til å følge seks prinsipp for ansvarleg bankverksemd. 190 bankar over heile verda har hittil signert.
– Bankar spelar ei viktig rolle i omstillinga til eit lågutsleppsamfunn og det grøne skiftet. Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane ønskjer å vere ein aktiv støttespelar for næringslivet og privatkundar gjennom utlån, grøne produkt og rådgjeving i tillegg til å ta ansvar for berekraft i eiga verksemd, seier administrerande direktør Trond Teigene.
Lokalt samarbeid
I tillegg til å signere klimainitiativet til FN har banken no gått inn som medlem i Klimapartnere Vestland. Dei skal skape ein arena for offentleg og privat nettverksbygging og vere ein plattform for utøving av samfunnsansvar i regionen.
– Som den største banken i Sogn og Fjordane har vi eit ansvar for å drive fram det grøne skiftet lokalt. Finansnæringa kan gjere ein forskjell. Dette utfordrar vi oss på heile tida, seier Teigene, og nemner nokre av tiltaka banken har satt i gang:
– I dag inngår klimavurdering i kredittprosessane for bedriftskundar. I tillegg stiller vi krav til leverandørane og samarbeidspartnarane våre om sitt forhold til berekraft.
For å kunne krevje innsats av andre er banken oppteken av å ha orden i eiga hus.
– Banken vart sertifisert som Miljøfyrtårn i 2019, og same året vart Sparebanken Sogn og Fjordane den andre sparebanken i landet som tilbyr grøne obligasjonslån til investorane. I lag med gode samarbeidspartnarar lanserte vi også DRIV-prisen som delast ut i Vestland, ein heilt ny grøn innovasjonspris. Vi jobbar kontinuerleg med å bli ein grønare bank, seier han.
UNEP FI sine seks prinsipp for berekraftig bankdrift:
  1. Tilpassing: Bankar må tilpasse forretningsstrategien sin for å vere i samsvar med og bidra til enkeltmenneske sitt behov og samfunnets overordna mål, som uttrykt i FNs berekraftsmål, Parisavtala og i relevante nasjonale rammeverk.
  2. Påverknad og målsetting: Bankar må kontinuerleg auke sin positive påverknad og redusere sin negative påverknad på menneske, klima og miljø som følgje av sine aktivitetar, produkt og tenester. For å oppnå dette må bankar sette og publisere konkrete mål på kor dei har dei mest betydningsfulle verknadene.
  3. Kundar: Bankar må jobbe proaktivt med sine kundar og oppmuntre til berekraftig praksis og mogleggjere økonomiske aktivitetar som skapar velstand for både noverande og framtidige generasjonar.
  4. Interessentar: Bankar må proaktivt og ansvarleg konsultere, engasjere og samarbeide med relevante interessentar for å oppnå samfunnets overordna mål.
  5. Styring og kultur: Bankar må, for å nå måla sine for ansvarleg og berekraftig bankdrift, implementere effektiv styringssystem og ein kultur for berekraftig verksemd.
  6. Openheit og ansvar: Bankar må med jamne mellomrom gjennomgå sin individuelle og kollektive implementering av desse prinsippa, og vere opne om og ta ansvar for sine positive og negative påverknad på samfunnets overordna mål.