God start på året for Sparebanken Sogn og Fjordane

Torsdag offentleggjorde Sparebanken Sogn og Fjordane resultatet sitt for første kvartal. Resultatet før skatt kom på 186 millionar kroner mot 159 millionar kroner for same kvartal i fjor.
Resultatet for første kvartal i år gir ei eigenkapitalavkastning på 10,0 prosent mot 9,1 prosent for same periode i fjor.
– Resultatframgangen skuldast fin vekst i netto renteinntekter og eit godt resultat frå finansielle instrument. Driftskostnadene er også redusert, samanlikna med første kvartal i fjor, og bidrar til resultatframgangen, seier administrerande direktør Trond Teigene.

Utlånsvekst på privatmarknaden

Dei siste 12 månadene har utlån til privatmarknaden auka med 6,9 prosent.
– Vi har ei offensiv satsing spesielt mot privatmarknaden og forventar god utlånsvekst i 2022. Vi har i over 20 år hatt ein strategi om å vekse utanfor regionen, noko vi har lukkast med. Til no i år ser vi at 8 av 10 nye kundar kjem utanfor Sogn og Fjordane, og det at vi veks i resten av landet sikrar muskelkraft i eigen region, fortel Teigene.

Prisvekst på bustadar

Å kjøpe hus i regionen har blitt dyrare, noko banken ser på prisveksten, både det siste året og når ein ser på dei siste åra totalt. Dei siste 12 månadane er bustadprisveksten på heile 12,5 prosent.
– Prisveksten i Sogn og Fjordane har vore dobbelt så stor som i Norge siste 12 månadar. Sogn og Fjordane har større bustadprisvekst siste fem år enn både landet totalt og dei største byane i Norge​, seier Teigene.

Stabilt for næringslivet

Påbedriftsmarknaden, inkludert utlån til offentleg og finansiell sektor, har banken ein utlånsvekst på 1,5 prosent. 
– Næringslivet i Sogn og Fjordane går totalt sett godt, sjølv om vi ser at kostnadsauke og tilgang på materialgirutfordringar for enkelte bedrifter, seier Teigene.

Stor aktivitet hos lag og organisasjonar

Banken har så langt i år delt ut om lag 30 millionar i gåvemidlar via eigarstiftinga Sparebankstiftinga Fjaler, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og lokale gåvepottar.
– Det bognar av gode prosjekt i Sogn og Fjordane, og det gler oss stort. Sparebankideen, om å gje delar av overskotet tilbake, står seg godt, 200 år etter den vart lansert her i landet. Vi ser at aktivitetsnivået er på veg opp etter koronaen, og då må vi stille opp med gåvemidlar. Det er kjekt å sjå kor sterkt frivilligheita står i Sogn og Fjordane, og den betyr mykje for utviklinga av regionen, seier den administrerande direktøren.

Alle tilsette blir eigarar i banken

I første kvartal oppretta Sparebanken Sogn og Fjordane eit spareprogram i eigenkapitalbevis for dei tilsette, og gjev alle tilsette ein oppstartspakke til ein samla verdi av 20 000 kroner.
– Vi ønsker at alle fast tilsette hos oss skal vere eigarar i sin eigen arbeidsplass. Vi har hatt ordning med sal av eigenkapitalbevis til tilsette i nokre år allereie, men ser at ein del tilsette ikkje har tatt steget og blitt medeigarar. Vi ønsker at alle skal vere med og har derfor tildelt EK-bevis til alle tilsette som ei grunninvestering for å sette eit startskot for spareprogrammet for alle, fortel Teigene.

Mindre kontantbruk ​

Pandemien har satt mange spor i samfunnet, og måten folk betalar på har endra seg mykje dei siste åra.
Kundane i banken tar ut 44 prosent ​mindre kontantar samanlikna ​med første kvartal i 2019.
– Pandemi og teknologisk utvikling har markant endra betalingsvanane til folk. ​Kontantbruken blant kundane går ned, medan mobilbetaling aukar kraftig.​ Vi ser ei 150 prosent auke i tal brukarar av Apple Pay i første kvartal i år mot same periode i fjor, seier han.
Hovudlinjer 1. kvartal 2022 (fjoråret i parantes):
  • Netto renteinntekter 257 mill. kr (229 mill. kr)
  • Resultat finansielle instrument 29 mill. kr (14 mill. kr)
  • Driftskostnader 118 mill. kr (130 mill. kr)
  • Tap på utlån 17 mill. kr (inntektsført 9 mill. kr)
  • Resultat etter skatt 147 mill. kr (123 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastning 10,0 % (9,1 %)
  • Kapitaldekningsprosent 19,6 % (18,8 %)