Sparing til barn: Kva namn skal eg spare i?

Det finst fleire alternativ for sparing til barn, men før du vel spareform, må du bestemme deg for om du vil spare i ditt eller barnet sitt namn. – Det er fordeler og ulemper med begge alternativa, seier kunderådgjevar Sissel Wik. Her forklarer ho kva du må tenke over.
Ein av dei viktigaste fordelane med å spare i foreldra sitt namn, er at du bestemmer når barnet skal få disponere pengane.

– Ikkje alle foreldre er interessert i at pengane skal gå til kortvarige gleder når barnet fyller 18 år. Kanskje du heller vil at pengane skal gå til eigenkapital når han eller ho skal kjøpe seg bustad. Då er det betre å spare i ditt namn, så kan du styre når barnet skal få ta over pengane, forklarer Wik.
Ein anna viktig fordel med å spare i foreldra sitt namn, er at ein ikkje påvirkar barnet sin moglegheit til å få stipend i Lånekassen når han eller ho blir eldre.
– Viss barnet får ei formue på meir enn ca 467.000 kr, vil stipend frå Lånekassen bli redusert, seier Wik.

Litt av begge deler

På den andre sida så er den største fordelen med å spare i barnet sitt namn, at pengane er sikra barnet ved skilsmisse eller død, og inngår ikkje i buet.
– Det finst dessverre tilfelle der barnet har mista pengane som eigentleg var tiltenkt dei i slike oppgjer, og det er jo sjølvsagt kjedeleg, seier Wik.
Ho anbefaler å velge litt av begge deler når ein opprettar sparing til barn:
– I Sparebanken Sogn og Fjordane anbefaler vi at den langsiktige sparinga står i foreldra sitt namn, og at ein vel å spare i fond. På lang sikt vil det mest sannsynleg gi betre avkasting enn banksparing, seier Wik og held fram:

– I tillegg kan ein ha ein vanleg sparekonto til forbruk som står i barnet sitt namn. Med ein slik sparekonto blir alle barn opp til 8 år automatisk medlem i Kongleriket, der dei får medlemsfordelar og vere med på kjekke aktivitetar, forklarer ho.

Fordeler med å spare i foreldre sitt namn

  • Foreldra kan fritt disponere pengane – også etter at barna er 18 år
  • Avgrensar ikkje moglegheita til stipend frå Lånekassen (ca 467.000 kr for 2023)
  • Enkelt å opprette spareavtale på nett. Enkelt å bytte fond, endre sparebeløp i nett- og mobilbank.
  • Foreldra kan spare opp ein stor pott i sitt namn og så fordele pengane til barna rettferdig etter kvart som barna treng pengane. Dersom du sparer i barna sitt namn og det er nokre års aldersforskjell mellom dei vil ulik marknadsutvikling kunne føre til store forskjellar på verdien på kontoane, noko som kan føles urettferdig.

Ulemper med å spare i foreldre/givar sitt namn

  • Død, skilsmisse eller konkurs hos foreldre/verjer, medfører at sparing til barn går inn som midlar i buet, og blir ikkje automatisk låst til barnet
  • Det er ikkje arveavgift i Norge (den blei fjerna i 2014), men det er sannsynleg at denne avgifta kan bli innført igjen
  • Formueskatt for foreldra

Fordeler med å spare i barnet sitt namn

  • Sparepengane er sikra barnet uansett, også ved skilsmisse, død eller konkurs hos foreldra.
  • Foreldre har disposisjonsrett til barnet fyller 18 år

Ulemper med å spare i barnet sitt namn

  • Barnet bestemmer over pengene når han/ho blir 18 år, og kan bruke pengane fritt.
  • Formue over ca 467.000 kroner fører til redusert stipend fra Lånekassen
  • Dersom formua blir på meir enn ca 200.000 kr kan Statsforvaltaren overta forvaltninga av pengane.
  • Kronglete å opprette spareavtale, sidan eigaren av sparinga er mindreårig.
Les meir om fond
Bestill sparekonto til barn