Lars Ove i Bergen: – Konkurransen her triggar oss

Sparebanken Sogn og Fjordane er av kundane kåra til best i landet på tillit, omdømme og service. – Slike tilbakemeldingar er ei stor drivkraft for oss, seier Lars Ove Egge, kunderådgjevar i Bergen.
Midt i Bergen sentrum – i Christian Michelsens gate 4 – ligg eit av Sparebanken Sogn og Fjordane sine 14 kontor. Ein lokalbank i Vestlandets hovudstad blant mange store bankar.
– Det er klart det er stor konkurranse, men det triggar oss. Vi er definitivt ein god konkurrent i marknaden i Bergen, seier Lars Ove Egge.
Han trekk fram spesielt ein ting som er ein styrke hos Sparebanken Sogn og Fjordane samanlikna med mange andre.
– Om du ønsker ein personleg rådgjevar, er Sparebanken Sogn og Fjordane den rette banken for deg. Vi rådgjevarane er veldig tilgjengelege, og kundane kan ringe oss direkte på mobilen, sende SMS eller e-post og få svar raskt. I mange andre bankar har ein gjerne ikkje ein fast kontaktperson, seier Lars Ove.
– Kva meiner du er den viktigaste jobben for deg som rådgjevar?
– Det er å rådgje og ivareta på kunden på ein god måte. Vere imøtekommande, finne gode løysingar og la kunden få kjappe tilbakemeldingar. Det aller viktigaste er at kunden sit att med ei god oppleving, seier han.
Toppresultat i ny undersøking
Det Lars Ove nemner, har nyleg også blitt understreka. På EPSI Rating si årlege bankundersøking blant kundar i Norge kjem nemleg Sparebanken Sogn og Fjordane svært godt ut. Dei viser mellom anna at banken tronar heilt øvst av alle bankar på omdømme, tillit og service.
– Det er utruleg kjekt å få slike tilbakemeldingar frå kundane våre, og det viser at kundane er fornøgd og har tillit til oss. Denne tilliten er sjølvsagt gjensidig, og vi vil gjerne takke dei, seier Lars Ove.
– Når vi får slike tilbakemeldingar er det ei stor drivkraft for oss, og vi skal gjere det vi kan for å oppretthalde tilliten.
Ikkje berre for Sogn og Fjordane
Lars Ove har kundar overalt i heile landet, men hovudmengda er bergensarar, fjordingar og sogningar. Han seier at han ikkje sit med opplevinga av at banken berre er for Sogn og Fjordane.
– Nei, absolutt ikkje. Sparebanken Sogn og Fjordane er også ein bank for alle i Bergen og området rundt her. For oss er det ikkje nøye kor kunden er frå eller bur, og vi har kundar frå nord til sør.
Han held fram:
– Det som derimot betyr noko for oss er at det skal vere låg terskel og kontakte oss, uansett kva det måtte vere. Det å ha god kjennskap og relasjon til kundane, det er viktig for oss rådgjevarane, seier Lars Ove.
– Så alle er hjarteleg velkomne til å ta kontakt for ein prat. Det gjeld både noverande kundar og kundar som har lyst å bli ein del av laget vårt. Vi har plass til fleire!
Bli kunde
Ta ein prat med rådgjevaren din