Å bli 18 år og myndig, er for mange ei store milepæl i livet. Det betyr også at du blir ansvarleg for din eigen økonomi. Det å bestemme over sine eigne pengar heilt sjølv kan vere både spennande og litt skummelt, og det medfører eit ansvar. Her får du ei oversikt over kva du burde vite og ha på plass for å få full kontroll over den personlege økonomien din som 18-åring.
Kva treng du no?

Visa-kort

No når du er blitt vaksen er det Visa Classic som er det beste betalingskortet for deg. Det kortet du har no blir ikkje automatisk fornya, og derfor er det lurt å få på plass det nye kortet så snart som råd.
Tips: Om det gamle kortet ditt ikkje er utgått, ta kontakt for å avslutte det når du får det nye kortet. Då unngår du å betale årleg kortavgift på begge korta.

BankID

BankID er ein elektronisk legitimasjon som kan brukast til to ting: identifisering og signering. Bruk BankID for å logge inn i nettbanken og på ulike offentlege tenester som Skatteetaten, Altinn og Helsenorge.

På same måte som du skriv under på kontrakter og avtalar i den fysiske verda, kan du bruke BankID i den digitale verda. Ein kan seie at BankID erstattar både legitimasjon, penn og papir, og er dermed eit nyttig verktøy å ha på plass.

Forsikring

No som du er fylt 18 år kan det vere at du ikkje lenger er forsikra av foreldra dine. Det kan vere stor økonomisk risiko knytta til å vere uforsikra, sjekk derfor opp i dette. Innbuforsikring dekker alt av klede, møblar og fritidsutstyr, med andre ord dine dyraste eigendelar. Om du blir sjuk eller skadar deg på ferie er reiseforsikringa god å ha. Med desse to forsikringane har du det du treng for å sikre deg sjølv og tinga dine, både heime og når du er på reise.

Bli ein meister på sparing

Som vaksen har du tilgang til sparekonto og andre kontoar eller fond som står i namnet ditt. Det er viktig å vere bevisst på pengebruken sjølv om du plutseleg har tilgang til meir pengar enn tidlegare. Dersom du tidleg etablerer gode sparevanar vil du vere takksam for dette seinare i livet. Kva vil vere viktig for deg å ha råd til i framtida?

Vil du ha råd frå ein som veit kva du treng?

Visste du at banken har eit eige team som har ansvar for å følge opp deg som ung kunde? Dette teamet består av økonomistudentar som har god kjennskap til situasjonen du er i som nybakt 18-åring. Studentteamet er tilgjengeleg for ein uformell og hyggeleg prat over telefon enten det gjeld sparing eller ein generell gjennomgang av den personlege økonomien din.

meirennbank.no

Gjer konfirmasjonen kontantfri

For dei fleste konfirmantar er det pengar som står øvst på ønskelista, men kva med å droppe kontantane og heller gi pengegåva på ein enklare og tryggare måte?

Otilie og Sondre er to av 1000 elevar som får økonomiopplæring av banken

Sondre og Otilie er elevar ved Hafstad vidaregåande skule, og saman med resten av klassen sin var dei innom banken i Førde og fekk opplæring i privatøkonomi.

Vi er ny generalsponsor for Malakoff!

Malakoff og Sparebanken Sogn og Fjordane har inngått ein treårig generalsponsoravtale.

Håvard overraska med Furorestipendet

Banksjef i Førde, Elin Aaland, troppa opp i Kråkenesmarka og gav Håvard Hallerud det synlege beviset på at han mottar Furorestipendet på 50 000.