Ekstra inntekt gir auka sparepotensial. Ein viktig del av sparinga er å finne ut kva formål ein skal spare til.
Buffersparing - Sett av pengar til uventa utgifter. Ein veit aldri når vaskemaskina eller mobilen ryk!
Enkeltformål - For mange er det aktuelt å spare til meir kortsiktige prosjekt, som sertifikat, bil, ferietur eller liknande. Då anbefaler vi
Sparemål.
Bustad - Bustadsparing er eit langsiktig prosjekt, og med høge bustadprisar anbefaler vi å kome i gang tidleg. For deg som tenar meir enn 70 000 kroner i året, anbefaler vi å spare på BSU. Om du ikkje skattar, vil Bustadsparekonto vere ditt beste alternativ.