Student og klar for nye utfordringar! Kanskje flyttar du til ein ny by, du får deg ny bustad og nye venner. Og økonomien blir også ny, enten du lever på lån og stipend, eller også har ein deltidsjobb på sida. Her har vi samla nokre tips til kva som er lurt å tenke på i studiekvardagen.

9 tips for å få studentøkonomien til å gå rundt:

1. Lag deg eit budsjett

Budsjett er den beste måten for å få oversikt over økonomien. Set opp inntekta di, dei faste utgiftene, kor mykje du planlegg å bruke på mat i månaden og kva du har råd til å bruke på andre utgifter. Det kan vere vanskeleg å vite kor mykje ein brukar, og det er derfor lurt å gå gjennom kontoutskrifta di frå ein normal månad for å få meir nøyaktige tal på forbruket ditt. Hugs at budsjettet kan justerast undervegs – så ikkje mist motivasjonen om du opplev at budsjettet ikkje stemmer på første forsøk!

2. Fordel storstipendet

Korleis prioritere sparinga som student

Skal du leige bustad for første gong?

Skal du leige bustad, er det lurt å vite kva du skal sjå etter. Her er våre tips til bustadjakta:
  • På visning er det lurt å ta med ein bustad-CV som inneheld ei beskriving og bilde av deg sjølv. Det kan vere hard kamp om dei beste bustadane, og dette vil hjelpe deg skilje deg ut i mengda.
  • Sjekk om straum, internett og TV er inkludert i leiga. Leiga vil vere høgare enn den ser ut til om dette ikkje er det.
  • Utleigar krev ofte at du må betale eit depositum. Dette gir utleigar sikkerheit dersom noko i bustaden blir øydelagt, og vil ofte tilsvare summen av tre månaders leiger. Dette beløpet skal ikkje setjast på kontoen til utleigaren, men på ein depositumskonto. På denne måten sikrar du at du har rett på pengane når leigeforholdet er over.
  • Er bustaden møblert? Dersom den ikkje er det, må du sjølv gå til innkjøp av møblar. Her er det mykje pengar å spare ved å kjøpe brukt. På Finn.no kan ein finne møblar som er gratis i bytte mot henting.
  • Dersom det er store avstandar til skule, matbutikkar, treningssenter og andre fasilitetar er det nødvendig med tilgang til kollektivtransport. Høyr med utleigar kva moglegheiter og tilbod som er i nærleiken av bustaden.
  • Sørg for at de får på plass husleigekontrakt, og les nøye gjennom denne. Kontrakta sikrar både dine og utleigar sine rettigheiter, spesielt om det skulle oppstå ueinigheiter.
  • Sjekk om det allereie er skader ved bustaden. Ta bilde av eventuelle skader ved innflytting, slik at du ikkje risikerer å få skulda!

Les fleire artiklar på meirennbank.no

Studiestarten er her – sjekk Dani sine økonomitips

Les heile saka
Studiestarten er her – sjekk Dani sine økonomitips13. august 2023
Imponerte statsråden med unikt prosjekt om studentjobbar6. august 2021