Korleis prioritere sparinga som student

9 tips for å få studentøkonomien til å gå rundt:

1. Lag deg eit budsjett

Budsjett er den beste måten for å få oversikt over økonomien. Set opp inntekta di, dei faste utgiftene, kor mykje du planlegg å bruke på mat i månaden og kva du har råd til å bruke på andre utgifter. Det kan vere vanskeleg å vite kor mykje ein brukar, og det er derfor lurt å gå gjennom kontoutskrifta di frå ein normal månad for å få meir nøyaktige tal på forbruket ditt. Hugs at budsjettet kan justerast undervegs – så ikkje mist motivasjonen om du opplev at budsjettet ikkje stemmer på første forsøk!

2. Fordel storstipendet

Skal du leige bustad for første gong?

Skal du leige bustad, er det lurt å vite kva du skal sjå etter. Her er våre tips til bustadjakta:
  • På visning er det lurt å ta med ein bustad-CV som inneheld ei beskriving og bilde av deg sjølv. Det kan vere hard kamp om dei beste bustadane, og dette vil hjelpe deg skilje deg ut i mengda.
  • Sjekk om straum, internett og TV er inkludert i leiga. Leiga vil vere høgare enn den ser ut til om dette ikkje er det.
  • Utleigar krev ofte at du må betale eit depositum. Dette gir utleigar sikkerheit dersom noko i bustaden blir øydelagt, og vil ofte tilsvare summen av tre månaders leiger. Dette beløpet skal ikkje setjast på kontoen til utleigaren, men på ein depositumskonto. På denne måten sikrar du at du har rett på pengane når leigeforholdet er over.
  • Er bustaden møblert? Dersom den ikkje er det, må du sjølv gå til innkjøp av møblar. Her er det mykje pengar å spare ved å kjøpe brukt. På Finn.no kan ein finne møblar som er gratis i bytte mot henting.
  • Store avstandar til skule, matbutikkar, treningssenter og andre fasilitetar betyr at du må ha tilgang til kollektivtransport. Høyr med utleigar om dette er tilgjengeleg ved bustaden.
  • Sørg for at de får på plass husleigekontrakt, og les nøye gjennom denne. Kontrakta sikrar både dine og utleigar sine rettigheiter, spesielt om det skulle oppstå ueinigheiter.
  • Sjekk om det allereie er skader ved bustaden. Ta bilde av eventuelle skader ved innflytting, slik at du ikkje risikerer å få skulda!

Les fleire artiklar på meirennbank.no

Lisbeth sine økonomitips til deg som student

Studieåret er her! Er du student har vi her nokre gode økonomitips til deg frå Lisbeth Aasen Andersen, kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Vi er ny generalsponsor for Malakoff!

Malakoff og Sparebanken Sogn og Fjordane har inngått ein treårig generalsponsoravtale.

Lisbeth sine gode studenttips

Kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Lisbeth Aasen Andersen, har gode til deg som er student.

Tips til deg som skal kjøpe din første bil

Blir du 18 år snart og har planar om å kjøpe deg bil når du tar lappen? Her får du nokre tips som kan vere lurt å tenke gjennom når du skal gjere ditt første bilkjøp