Når du mistar ein av dine næraste er det ein del praktisk som må ordnast. På denne sida vil vi forklare kva som skjer med bankforholdet ved eit dødsfall og kva du må gjere dersom du skal ta over eller forvalte eit dødsbu.

Dette skjer med kundeforholdet i banken ved eit dødsfall

Avdøydde sine kontoar blir automatisk sperra for bruk og eventuelle disposisjonsrettar og avtalar fell bort. Alle eFaktura og avtale/AvtaleGiro blir avslutta. Kontoane vil framleis vere opne for innbetalingar som pensjon, trygd eller lønn.

Kva må du som etterlatt eller arving gjere?

Vi anbefaler at du tek eit møte med din lokale Tingrett. Det er fleire ting ein må tenke på i denne prosessen, og Tingretten kan rådgi og hjelpe deg med følgande:
  • Gi deg råd til kva som er rett å gjere i prosessen
  • Hjelpe deg med korleis du skaffar deg oversikt over avdøydde sine eigendelar og gjeld. Ei formuesfullmakt vil gje deg innsyn i avdøydde si gjeld og eigedelar, så det kan vere lurt å få utstedt denne først. Ved å underteikne skifteerklæring tek du på deg ansvaret for gjeld som den avdøydde hadde, så det er viktig å finne ut kor stor denne gjelda er.
  • Gje deg informasjon og råd om eventuelle andre arvetakarar
Du må sende ei skifteerklæring til Tingretten. Mange gravferdsbyrå er behjelpeleg med desse, men om du manglar denne så finn du den her. Når Tingretten har motteke denne, vil du få utsendt ein skifteattest. Denne skifteattesten viser at du/de har rett til å overta den avdøyddes eigendelar.
Om det er fleire arvingar, så kan det vere lurt å utnemne ein eller eit par personar til å ha ansvaret for buet og oppgjeret. I slike tilfelle må alle arvingane fylle ut og signere ei fullmakt som de får frå Tingretten. Når du har skifteattesten og/eller fullmakt, kan du ta kontakt med oss for å ordne økonomien til den avdøydde.

Dette kan vi hjelpe deg med

Det kan ofte ta litt tid før ein mottek skifteattesten frå tingretten og sidan avdøyddes konto er sperra, så vil vi vere behjelpeleg med å betale rekningar som:
  • Kostnader til gravferd
  • Husleige, offentlege avgifter, straum, telefon og andre vanlege rekningar relatert til hushald
  • Restskatt

Denne dokumentasjonen må du sende inn

Når de ønsker tilgang til den avdøydde sine konti, eller at kundeforholdet skal avsluttast, ber vi om å få tilsendt følgande dokumentasjon:
  • Skifteattest i orginal eller rettkjend kopi av skifteattest
  • Rettkjende kopiar av fullmakter frå alle arvingane dersom det ikkje går fram av skifteattesten kven som er fullmektig
  • Gyldig legitimasjon i orginal eller rettkjend kopi (t.d. pass, bankkort, førarkort) frå einearving, eventuelle fullmaktsgivarar og fullmektig for buet
  • Dersom den avdøydde har lån/kredittar må det avtalast med banken korleis desse skal vidareførast eller innfriast
  • Underteikna oppmodning om avslutning av avdøydde sine konti med opplysningar om kontonummer for overføring. Fullmektigen må sjølv syte for fordeling til arvingane. Oppgjer av anna engasjement, som m.a. fondsandelar, aksjar, må presiserast i oppmodinga.
  • Du treng ikkje å sende inn bankkorta til den avdøydde, men anbefalar at du makulerer desse.
Denne dokumentasjonen kan du enten skanne inn å sende til oss på e-post eller til følgande postadresse:
Sparebanken Sogn og Fjordane
v/ Fellestenester
Langebruvegen 12
6800 Førde

Ting folk lurer på