Når nokon går bort er det ein del praktisk som må ordnast. På denne sida vil vi forklare kva som skjer med bankforholdet ved eit dødsfall og kva du må gjere dersom du skal ta over eller forvalte eit dødsbu.

Kva må du som etterlatt eller arving gjere?

Vi anbefaler at du tek eit møte med din lokale Tingrett. Dei kan rådgi og hjelpe deg med følgjande:
  • Gi deg råd til kva som er rett å gjere i prosessen med dødsbuet
  • Skrive ut formuesfullmakt som gir deg innsyn i avdøde si gjeld og eigedelar
  • Gi deg informasjon og råd om eventuelle andre arvetakarar
Når du har fått oversikt over avdøde sine eigedelar og gjeld, må du bestemme deg for om du vil ta over buet til skifte eller ikkje. Ved å underteikne skifteerklæring tek du på deg ansvaret for gjeld som den avdøde hadde. Når du skal ta over buet til skfite, må Tingretten skrive ut skifteattest som viser kven som er arvingar.

Du må sende ei skifteerklæring til Tingretten. Mange gravferdsbyrå er behjelpeleg med desse, men om du manglar denne så finn du den her. Når Tingretten har motteke denne, vil du få utsendt ein skifteattest. Denne skifteattesten viser at du/de har rett til å overta den avdøde sine eigendelar.
Om det er fleire arvingar, så kan det vere lurt å utnemne ein eller eit par personar til å ha ansvaret for buet og oppgjeret. I slike tilfelle må alle arvingane fylle ut og signere ei fullmakt som de får frå Tingretten. Når du har skifteattesten og/eller fullmakt, kan du ta kontakt med oss for å ordne økonomien til den avdøde.
Om avdøde var gift kan attlevande ta over buet i uskifte, og då må det skrivast ut ein uskifteattest frå Tingretten.

Dette skjer med kundeforholdet i banken ved eit dødsfall

Banken får melding frå folkeregisteret når nokon døyr. Avdøde sine kontoar blir automatisk sperra for bruk og eventuelle disposisjonsrettar og avtalar fell bort. Alle eFaktura og AvtaleGiro blir avslutta. Kontoane vil framleis vere opne for innbetalingar som pensjon, trygd eller lønn.

Dette kan vi hjelpe deg med

Det kan ofte ta litt tid før ein mottek skifteattesten frå tingretten og sidan avdødes konto er sperra, vil vi vere behjelpeleg med å betale rekningar som:
  • Kostnader til gravferd
  • Husleige, offentlege avgifter, straum, telefon og andre vanlege rekningar relatert til hushald
  • Restskatt
Banken treng kopi av faktura for å utføre desse betalingane. Det kan du sende på e-post til banken. Om du ikkje har moglegheit til å sende e-post, kan du sende faktura til: Sparebanken Sogn og Fjordane v/ Fellestenester. Langebruvegen 12. 6800 Førde
Send e-post

Denne dokumentasjonen må du sende inn

Når de skal ordne økonomien til avdøde, ber vi om å få tilsendt følgande dokumentasjon:
  • Formuesfullmakt: Må sendast inn til banken for å få oversikt over avdøydde sine eigedelar og gjeld.
  • Skifteattest: Gir tilgang til avdøde sine midlar. Vi gjer merksam på at de ikkje får tilgang til avdøde sine eksisterande konti. Det vert oppretta ein ny konto som midlande vert overført til. Denne kontoen får arving/fullmektig tilgang til via si private nettbankpålogging.
  • Du treng ikkje å sende inn bankkorta til den avdøde, men vi anbefalar at du makulerer desse.
Du kan fylle ut skjema ved å følgje link til nettbanken nedanfor, eller skanne og sende dokumentasjonen til oss på e-post.
Send e-post
Logg på nettbanken og send skifteattest

Ting folk lurer på