Velkommen til webinar om fondssparing

Interessa rundt fondssparing er stor, og sparewebinara våre er svært populære. Vi inviterer derfor no til nytt webinar om fondssparing tysdag 14. mars klokka 19.30.
Ønsker du å kome i gang med fondssparing, men er usikker på korleis du gjer det? Eller har du erfaring frå før, men likevel har ting du lurer på? Då vil webinaret passe for deg.

Gunnar Heggheim vil seie litt om korleis marknaden ser ut og svare på mykje av det som vi veit kundane våre lurer på. Han er opptatt av å finne gode løysingar som er tilpassa den enkelte sin risikovilje og tidshorisont.

Send gjerne inn spørsmåla dine allereie no!
Spørsmåla som kjem inn i forkant blir ein del av innhaldet i webinaret. Om spørsmålet ditt ikkje blir svart på under sendinga, vil ein av våre rådgjevarar svare deg på e-post. Du vil også kunne sende inn spørsmål direkte under livesendinga.
Dei som er påmeldt vil i forkant av webinaret få tilsendt lenke som gir tilgang til sendinga.
Set av tysdag 14. mars klokka 19.30.

Om Arrangementet:

Stad: Digitalt - på nett
Dag:14. mars 2023
Tid:18:30
Påmeldingsfrist:14. mars 2023 17:30