I Sparebanken Sogn og Fjordane skal vi vere ei drivkraft for regionen vår, også når det gjeld berekraft. Vi jobbar hardt for å sørge for berekraftige val innad i vår organisasjon, og jobbar tett på våre samarbeidspartnarar og leverandørar.
Berekraftsmål
Vi har valt ut fire av FN sine berekraftsmål som vi skal ha særskilt fokus på for å bidra til ei meir berekraftig verd. Vi har sett oss mål for korleis vi skal oppnå dette.
Mål 5
- Oppnå kjønnsbalanse på (40/60) på alle leiarnivå i banken
- Styrke økonomisk likestilling gjennom rådgjeving, produkt og tenester
Mål 11
- Sikre økonomisk aktivitet og verdiskaping i regionen vår
- Støtte lokale lag og organisasjonar gjennom gåvemidlar
- Bygge kompetanse og legge til rette for grøn omstilling i næringslivet
Mål 8
- Tilsette skal ha tilstrekkeleg kompetanse til å hjelpe kundane med omstilling til det grøne skiftet
- Vi skal i løpet av 2023 ha utferda over 5 mrd. kr i grøne OMF-ar og 1 mrd. i grøne seniorobligasjonar
- Vi skal i løpet av 2024 ha 5 mrd. kr i grøne bustadlån
Mål 13
- Vi skal ha eit godt utval av produkt som stimulerer til berekraftige investeringar
- Vi skal vere klimanøytrale innan 2050
Berekraftsarbeidet vårt
Berekraftstrategien vår
Les berekraftsstrategien vår for 2022-2024.
Berekraftsbibliotek
Les berekraftsrapportane våre og energi- og klimarekneskapet vårt.
Grønt rammeverk
Les om det grøne rammeverket vårt for utsending av grøne obligasjonar.
Leverandørane våre
Vi stiller tydelege etikk- og miljøkrav til leverandørane våre.
Produkt
Vi tilbyr fleire produkt med fokus på berekraft.
Initiativ vi støttar
Les om initiativa vi støttar innan samfunnsansvar og berekraft.
Har du spørsmål?
Lurer du på noko om berekraftsarbeidet vårt? Ta kontakt.