Slik jobbar vi for å sikre leverandørtenestene våre
Sparebanken Sogn og Fjordane er opptatt av at alle skal ha like rettar. Vi ønsker å sikre at leverandørane våre har same fokus.
Krav til oss sjølv
FN sine berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for ei berekraftig framtid og inneheld mål om å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Sparebanken Sogn og Fjordane støttar opp under FN sine 17 berekraftsmål, med ekstra fokus på likestilling mellom kjønna, anstendig arbeid og økonomisk vekst, berekraftige byar og lokalsamfunn og å stoppe klimaendringane. Vi har òg tilslutta oss ei rekke andre samarbeid som set krav til oss, dei finn du her.
SSF er klimanøytrale og sertifisert som miljøfyrtårn. Vi skal stille krav til leverandørar og samarbeidspartnarar om å ha eit bevisst forhold til berekraft. For å kunne krevje dette av andre må vi også ha orden i eige hus. Som miljøfyrtårnsertifisert stiller vi strenge krav til oss sjølve. Vi ønsker å sikre kontinuerleg redusert miljøbelastning frå eiga verksemd. For å kunne følge opp dette, har vi årleg rapportering av klimarekneskap. Det er basert på GHG-protokollen (Greenhouse Gas Protocol), som er den mest brukte rapporteringsstandaren til rekning av ei verksemd sitt utslepp av klimagassar.
Bankens arbeid er forankra i styret og vert følgt opp av administrasjonen gjennom ulike ledd, der mellom anna innkjøpssjef og berekraftansvarleg er med i bankens vurdering av våre leverandørar og forretningsforbindelsar.
Les meir om vårt arbeid kring miljø og sjå klimarekneskapen i årsrapporten vår.
Krav til leverandørane våre
Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane stiller etikk- og miljøkrav til leverandørane våre. Ved å stille krav er vi med og motiverer og bidrar til at leverandørane våre følgjer internasjonale arbeidslivskonvensjonar, og dermed reduserer sine klimaavtrykk.
Det blir jobba for at leverandørane våre skal følgje nasjonale lover og reglar, samt internasjonale FN- og ILO–konvensjonar, prinsipp om klimanøytralitet og miljøkrav gjennom avtaleverk og ISO-sertifisering. Banken har i overkant av 150 leverandørar, i hovudsak IT-leverandørar.
Sparebanken Sogn og Fjordane vil òg i samsvar med plikter i openheitslova gjere aktsemdvurderingar av leverandørar og andre forretningssamband med omsyn til at dei tek i vare grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidshøve og følge opp leverandørar med identifisert risiko.