Heilt sidan 1842 har vi vore ei drivkraft i regionen og har heile tida utvikla oss for å møte endringar i samfunnet. No legg vi grunnlaget for å styrke banken vidare, og mot slutten av 2024 blir vi SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Nokre av kundane våre har litt spørsmål rundt dette, og her har vi samla dei mest vanlege vi får.


Kvifor kjøper vi oss i inn i SpareBank 1-alliansen?

Vi gjer dette for å bli ei endå sterkare drivkraft for Sogn og Fjordane. Det vil sikre oss som ein sjølvstendig og sterkare lokalbank også framover, og vil gjere at vi kan tilby deg endå betre kundeopplevingar hos oss.
Å vere ein sjølvstendig bank i ein allianse, trur vi gjer at grunnmuren vår blir endå meir solid, og at vi vil stå oss stødigare i framtida. Denne investeringa sikrar oss som sjølvstendig lokalbank, og vi beheld alle avgjerslemoglegheiter lokalt. Samstundes vil vi vere sikra eit landsdekkande samarbeid som vil styrke banken og komme kundane til gode gjennom produkt og løysingar.

SpareBank 1-alliansen

  • Norges største bankallianse med 13 sjølvstendige bankar, der Sparebanken Sogn og Fjordane blir nummer 14.
  • Vi blir medeigar i alliansen som gjev oss tilgong til Norges beste banksystem og produkt. Les meir om alliansen.

Ofte stilte spørsmål