Norge er det første landet som har tatt steg i retning av å regulere tilbydarar av tenester knytt til virtuell valuta. Derfor er det innført registreringsplikt hos Finanstilsynet for å kunne tilby tenester retta mot innbyggjarar i Norge.

Må kjenne opphavet

I alle tilfelle der det overførast verdiar til banken, er det kvitvaskingslova som gjeld. Dette inkluderer også verdiar som kjem frå kryptovaluta. Transaksjonar med kryptovaluta er lovleg, men Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr ikkje sjølv produkt eller tenester innan dette området. Når kundar ønskjer å overføre pengar som kjem frå investeringar eller handel i kryptovaluta, er vi som bank pålagt å gjennomføre grundige undersøkingar om kor desse midlane kjem frå. Dette er fordi myndigheitene har definert at kryptovaluta inneber høg risiko for kvitvasking og svindel. I den samanheng må banken vere bevisst risikoen ved gjennomføring av slike transaksjonar.
Det kan vere utfordrande å finne ut korleis midlane har vore plassert, overført og brukt innanfor krypto-sfæren. Det finst lite regulering, og dokumentasjonen oppfyller ofte ikkje krava godt nok. I tillegg kan uavhengigheit og anonymitet frå det tradisjonelle pengesystemet vere eit poeng i seg sjølv for nokre kryptovaluta. Dette gjer det nærast umogleg for bankane å oppfylle krava i kvitvaskingsregelverket.


Banken sine retningslinjer for gjennomføring av slike transaksjonar er:

  • Banken aksepterer berre transaksjonar (konto og kort) gjennomført av tilbydarar som er registrert hos Finanstilsynet.
  • Kunde må kunne dokumentere historikken til den virtuelle-«blokka» som er kjøpt/realisert. Tilbydar av ein slik rapport skal vere registrert hos Finanstilsynet. (Norwegian Block Exchange tilbyr slik rapport)
  • Kunde skal ved realisering kunne dokumentere at verdiane er meldt til Skatteetaten
  • Kunde må dokumentere at transaksjonar (kjøp) er utført gjennom SSF.
I alle overføringar må banken forsikre seg om at pengane ikkje kjem frå kriminalitet, terrorfinansiering eller svart arbeid. For at vi skal kunne akseptere overføringar frå kryptovaluta, må vi stille ekstra tydelege krav til dokumentasjon om opphavet til midlane. Og i dei tilfella der dokumentasjonen om opphavet til midlane ikkje er god nok, er vi etter kvitvaskingslova pålagt å avslutte eller nekte kundeforholdet.