Imponerte statsråden med unikt prosjekt om studentjobbar



Presenterte Studentjobb-prosjekt: F.v. adm. dir Trond Teigene, student Anders Herstad, instituttleiar Eli Nummedal, student Isak Tolo og utdanningsminister Henrik Asheim.
6. august 2021 – Inger Marie Lien

I dag var forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim på besøk i Førde, der han blant anna fekk høyre om Studentjobb. Prosjektet tilbyr ingeniørstudentar på elkraft, IT, byggfag og automatisering med robotikk i Førde relevant deltidsjobb ved sidan av studiane. Så langt har 17 bedrifter frå lokalt næringsliv meldt si interesse og står klare med opp mot 50 studentjobbar.
Får knaggar å henge teorien på
Isak Tolo tar bachelor i byggfag og Anders Herstad går automatosjon og robotikk i Førde. Begge to har i løpet av sommaren tjuvstarta i sine studentjobbar hos høvesvis Fjordane Engineering og Enivest/Evoy.
– Det er veldig godt å få nokre praktiske knaggar å henge teorien frå skulen på. Det er ikkje alt som virkar like relevant når ein er på skulen, men så kjem ein ut i jobb og ser at ein faktisk får bruk for det, seier Herstad.
Viktig for næringslivet
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane støttar prosjektet med 500 000 kroner, med midlar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. I lag tar dei også i mot tre studentar med IKT-kompetanse som skal få Studentjobb i banken i løpet av hausten. Adm. direktør Trond Teigene ser heilt klart verdien av å legge pengar i dette prosjektet.
– Dette prosjektet har fått veldig god respons frå næringslivet, og det er viktig for oss som bank at lokalt næringsliv går godt. Vi har den lågaste arbeidsløysa i landet, og ved å sikre at studentane som kjem hit blir godt kjent med næringslivet medan dei studerer, er det større sjanse for at dei blir verande når dei er ferdig på skulen, seier Teigene.
Statsråd Henrik Asheim fortel at det er interessant korleis prosjektet koblar teori og praksis.
– Dette må vere vinn-vinn for alle. Studentane kan ta med seg erfaring frå bedriftene tilbake til skulen, dei får moglegheit til å bygge nettverk og dei får brukt teorien til å finne gode løysingar ute i bedriftene, seier Asheim.
Unikt for Førde
Prosjektet er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Sunnfjord Utvikling og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. No gler initiativtakarane seg til å sjå resultatet av å få studentane ut i bedriftene.
– Mange studieretningar tilbyr praksis i løpet av studietida, men den er ofte ikkje betalt. Og så er det mange studentar som har deltidsjobbar, men slike jobbar er ikkje alltid relevant for utdanninga. No kan vi tilby relevant, betalt deltidsjobb for ingeniørstudentane i Førde, og eg håpar dette vil gjere Campus Førde til ein endå meir attraktiv studiestad for ingeniørstudentar, seier instituttleiar Eli Nummedal.

Siste frå meirennbank.no

Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner

I 2021 vart K1-trappa i Høyanger stengt. Håpet er at dei i løpet av 2025 endeleg kan sleppe folk opp igjen fjellsida – i ei ny trapp som sjølvsagt skal lagast av resirkulert aluminium frå Høyanger.

Les heile saka
Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner14. mai 2024
Her lurer Bambi på kva som skjer14. mai 2024
– Millionane er eit viktig signal13. mai 2024
Idrett og musikk i samspel7. mai 2024