OPPGRADERER: Leikeplassen ved Krisesenteret skal fornyast, og til det får dei ei gåve på 500 000 kroner. - No kan vi gå i gang med å detaljplanlegge rett over påske, seier dagleg leiar Anja Karoliussen (t.h.). Her saman med kollega Mona Steindal-Sundal og banksjef i Florø, Ole Aukland.
Publisert 27. mars 2024

Krisesenteret får ein halv million i gåve

– Dette er eit svært viktig tilbod for alle barna som kjem innom her, seier Anja Korneliussen.
Saman med barnefagleg ansvarleg Mona Steindal-Sundal, kunne Korneliussen som dagleg leiar ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane ta imot sjekken på 500 000 kroner frå Ole Aukland, banksjef i Florø. Dermed kan dei raskt gå i gang med å opparbeide den nedslitte uteleikeplassen dei allereie har, og gjere den meir attraktiv for barna ved Krisesenteret.
Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Viktig jobb

– Dette er eit kjempeviktig tiltak som vi gjerne vil bidra med å støtte. Kan vi vere med på å skape ein betre kvardag for desse ungane som har hamna i ein slik situasjon, så stiller vi gjerne opp. No håpar vi at desse pengane kan gje eit lite løft i kvardagen deira, seier Aukland.
Uteområdet ved Krisesenteret ber preg av vêr, vind og slitasje, og dei tilsette viser til at dei no mellom anna vil kunne gå til innkjøp av store disser, oppgradere sandkasser, kjøpe nytt klatrestativ, leikehus, utandørs bordtennisbord og matter med tanke på sikkerheit.
– No kan vi gå i gang rett over påske med å detaljplanlegge kva vi skal gjere. For med denne gåva på 500 000 kroner i gåve, så trur eg vi skal komme langt med dette prosjektet vi kallar «uteleik og livsglede», seier Anja Karoliussen.

– Svært viktig for barna

Krisesenteret i Sogn og Fjordane vart etablert så langt tilbake som i 1985, og skal sikre eit tilbod til valdsutsette. Dagens bygning vart teke i bruk i 2011. Kinn kommune er vertskommune, og tilbodet er interkommunalt med tilbod til 17 kommunar i Sogn og Fjordane. Senteret blir drive som ei stifting, og tilbyr mellom anna både bu- og dagstilbod til valdsutsette.
Ifølge årsmeldinga for 2022 hadde totalt 84 personar opphald på krisesenteret, kor godt over halvparten var barn.
– Derfor er det ekstra viktig å gje eit godt tilbod til barn, både med tanke på pedagogisk tilbod, men og med tanke på sikkerheit. Vi veit at frisk luft og utandørs aktivitet er viktig for søvn, appetitt, fysisk og psykisk helse generelt. No kan vi opparbeide den skjerma og inngjerda leikeplassen vår slik at barn i større grad kan få utfalde seg her i framtida. Dette er svært viktig for barna hos oss, seier Mona Steindal-Sundal.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner

I 2021 vart K1-trappa i Høyanger stengt. Håpet er at dei i løpet av 2025 endeleg kan sleppe folk opp igjen fjellsida – i ei ny trapp som sjølvsagt skal lagast av resirkulert aluminium frå Høyanger.

Les heile saka
Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner14. mai 2024
Her lurer Bambi på kva som skjer14. mai 2024
– Millionane er eit viktig signal13. mai 2024
Idrett og musikk i samspel7. mai 2024