Publisert 30. april 2024

Pur sommarmagi i festivalbygda Nordfjordeid

I ein herleg grøn oase på Nordfjordeid leverer Malakoff kvar sommar musikalske høgdepunkt og festivalopplevingar med høgt energinivå. I to dagar stoppar tida opp der Malakoff tek pulsen på livet her og no.
For at flest mogleg skal få oppleve festival år etter år, er både Malakoff og Sparebanken Sogn og Fjordane opptekne av å ta godt vare på det grøne festivalområdet og bygda.

Enkle miljøtiltak og felles ansvar

– Vi stiller krav til arrangementsdeltakarar, og bruker merksemda vi får desse sommardagane til å påverke og vise korleis publikum og gjestar enkelt kan bidra til å ta vare på miljøet og bygda vår. Vi har sett i verk ei rekke berekraftstiltak som både publikum og vi som arrangør skal rette oss etter. Tiltaka er enkle å måle, enkle å forstå og enkle å gjennomføre, seier administrasjonssjef i Malakoff Gunn Guddal.
Nytt av året er innføring av panteording på alle drikkeglas.
– Det vil seie at du betaler eit miljøgebyr første gongen du får eit drikkeglas, tar det med tilbake og leverer det inn når du kjøper ny drikke. Dette er tiltak for å få enda ryddigare festivalområde og ikkje minst god kvalitet og større prosent av drikkeglas til gjennvinning, forklarer Guddal.
Ho nemner også andre konkrete tiltak som:
  • vi har god lagerstyring og bruker opp det vi har før vi kjøper meir
  • vi vurderer innkjøp nøye, og prioriterer lokal handel
  • vi samordnar transport av utstyr med andre arrangørar
  • vi har trygt-heim-bussar
  • vi bruker gjenbruksmateriell når vi bygger installasjonar
  • vi støttar lokalt landbruk og handlar lokal og kortreist mat
  • vi har gjenbruksbutikk der publikum kan handle brukt
  • vi engasjerer mange frivillige miljøvakter
  • vi bruker ikkje dieselaggregat
  • vi sorterer avfall
  • vi innfører panteording i 2024 for alle drikkeglas – alle glas går til gjennvinning
Guddal fortel at tiltaka er meint for å skape involvering, eigarskap og at publikum kan føle på felles ansvar.
– Ungdom og unge vaksne er den viktigaste målgruppa for at miljøtiltak skal få stor gjennomslagskraft, og ungdom er også målgruppa festivalen skal prioritere, seier ho.

Frivillige og dugnadsånd – den viktigaste ressursen

Malakoff har engasjert dugnadskraft og bemanning til gjennomføring av arrangementet gjennom lokale lag og organisasjonar, og frivillige.

– Dette er vår suksessfaktor for berekraft og gode arrangørrammer i år og for framtidige arrangement. Kan dei 1200 frivillige endre kvardagsvanane sine vil dei gjennom året kunne skape store miljømessige endringar, og kanskje påverke andre til å gjere det same, seier Guddal.

Miljøpådrivar i bransjen

Guddal fortel vidare at Malakoff har eit sterkt ønske om å utgjere ein forskjell når det kjem til å gjere samfunnet og liva til innbyggarane i Sogn og Fjordane grønare.

– Posisjonen Malakoff har gir moglegheiter og set krav til oss. Det gjer at vi kan gå føre i det grøne skiftet på mange område, og vi ønsker å vere ein miljøpådrivar i bransjen vår i regionen, seier ho.

– Det er veldig inspirerande å samarbeide med ein festival som tar eit så tydeleg standpunkt innan berekraft og miljø, og viser dette konkret i handlingar, seier Gunn Aase Moldestad, marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Ho fortel at banken og Malakoff lærer av kvarandre, og at dei i lag ønsker å motivere endå fleire til å gjennomføre arrangement med fokus på miljø og berekraft.
STOLT MARKNADSSJEF: Gunn Aase Moldestad i Sparebanken Sogn og Fjordane fortel om eit godt samarbeid med Malakoff.

– Vi har eit felles verdigrunnlag som fremmer miljø, haldningar og likestilling, og med tiltaka som Malakoff har sett i verk, blir det enklare å etterleve både for oss som sponsor, for publikum og arrangøren, seier Moldestad.

Ho er opptatt av at sponsorsamarbeid handlar om meir enn å vise banken sin logo.

– Vi vil vere med å utvikle, skape engasjement og heie på den viktige dugnadsånda i lokalsamfunna. I lag med publikum skal vi sikre ei god ivaretaking av natur og nærmiljø, og vi gler oss til sommarmagi i festivalbygda Nordfjordeid i juli, avsluttar Moldestad.

Inger Marie Lien

kommunikasjonsrådgjevar971 90 242inger.marie.lien@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner

I 2021 vart K1-trappa i Høyanger stengt. Håpet er at dei i løpet av 2025 endeleg kan sleppe folk opp igjen fjellsida – i ei ny trapp som sjølvsagt skal lagast av resirkulert aluminium frå Høyanger.

Les heile saka
Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner14. mai 2024
Her lurer Bambi på kva som skjer14. mai 2024
– Millionane er eit viktig signal13. mai 2024
Idrett og musikk i samspel7. mai 2024