Sommarens arrangement med banken | SSF

Liv og røre i sommar

I løpet av sommaren skjer det mykje rundt om i Sogn og Fjordane. Her finn du oversikt på dei arrangementa vi er og med og støttar, og på fleire av desse kan du møte oss og maskotane Kåre Bjørn og Elin Ekorn.

Rock Weekend 11. - 13. juli

Rock Weekend er ein årleg musikkfestival som har blitt arrangert på Iglandsvik i Ytre Bremanger sidan tidleg 80-talet. Med konsertar på Havlys intime klubbscener får ein oppleve artistane svært tett på.
Les meir om Rock Weekend

Våt Moro 11. - 14. juli

Ein havsportfestival i Florø der du verkeleg kan få prøve deg i det våte element. Aktivitetane passar for ulike aldrar; Våt Moro Barnepark for dei aller minste, Ung Ekstrem for dei mellom 12-16 år, og i tillegg ulike aktivitetar for unge og vaksne over 16 år.
Les meir om Våt Moro

Skjærgårdstreffet 19. - 21. juli

I Askvoll blir det varierte aktivitetar for store og små. På programmet i år finn du blant anna rib båt, marknad med stands, veteranbilparade, barnas dag og konsertar.
Les meir om Skjærgårdstreffet

Malakoff 19. - 20. juli

Vi er stolt generalsponsor for rockefestivalen på Nordfjordeid. Det blir to dagar med store konsertopplevingar, konkurransar og ein fantastisk Malakoffcamp.
Les meir om Malakoff

Konsert med Bjørn Eidsvåg 20. juli

Hiv deg på båten frå Florø og få med deg konsert på Kulturlåven på Svanøy. Mat og drikke til sals på låven eller Svanøy kro i Svanøybukt.
Les meir om konserten

Sommarkonsert Askrova 27. juli

Tom Hugo tar med seg heile KEIINO og legg opp til ein magisk kveld i havgapet på Askrova.
Les meir om konserten

Palmekystfestivalen 26. - 27. juli

Nokre av Norges største artistar er klare for å lage fest og moro i to dagar i Florø. I år kan du blant anna få med deg Cir.Cuz, Halva Priset og Kjartan Lauritzen.
Les meir om Palmekystfestivalen

Tine Fotballskule Leikanger 12. - 15. august

Syril IL inviterer til fotballskule i samarbeid med Tine og Norges Fotballforbund. Vi gler oss til å sjå fotballglede for små og store mellom 7 og 12 år.
Les meir om Tine Fotballskule

Eikefjorddagane 16. - 17. august

Meir informasjon kjem seinare.
Les meir om Eikefjorddagane

Kongleriket Miniputt - heile sommaren

Eit vakkert fotballeventyr for dei minste som vi arrangerer i samarbeid med NFF Sogn og Fjordane. Turneringane føregår frå mai til september og blir arrangert på ulike stader i Sogn og Fjordane. Kåre Bjørn og Elin Ekorn besøker fleire av turneringane, det blir kjekke aktivitetar og mykje fotballglede.
Sjå turneringsoversikt

Tidlegare arrangement i sommar

Nordfjordkonferansen 11. juni

Nordfjordkonferansen er ein næringslivskonferanse for heile Nordfjord, på tvers av bransjar og næringar.
Les meir om konferansen

Arnarsonmila 15. juni

Løpet går frå Rivedal i Askvoll kommune til Dale sentrum i Fjaler kommune. Ingolf Arnarson var frå Rivedal og i år 874 segla han til Island og busette seg der. I dag står statuen av han i Rivedal, og derifrå til Dale sentrum er det akkurat èi mil.
Les meir om Arnarsonmila

Familiedag Sunnfjord Golf 15. juni

Som sponsor for Sunnfjord Golf inviterer vi til ein kjekk dag med konkurransar og aktivitetar som passar både for deg som er aktiv spelar og for deg som ikkje har prøvd golf før. Det blir i tillegg servering av grillpølser og drikke.
Les meir om familiedagen

Mini Triatlon Sørstrand Folkepark

Les meir om Sørstrand Folkepark

Sildebordet 21. juni

Heilt sidan 90-talet har det blitt arrangert sildebord i Florø. I dag er det blitt verdas lengste sildebord, og det blir dekka opp med omlag 350 meter bord gjennom Florø sentrum. På menyen står det eit rikt utval av ulike silderettar.
Les meir om Sildebordet

Laksens dag 22. juni

Ein folkefest i Florø med laks i fokus. Her blir det konsertar, kokkelering og andre gratis aktivitetar for store og små. Heile laksenæringa frå fylket er på plass og syner fram rensefisk i byakvariet, båtar og oppdrettsutstyr, og det vert servert meir enn 5000 spennande nye lakserettar.
Les meir om Laksens dag

Kinnaspelet 22. og 23. juni

Vi er mangeårig støttespelar for framsyninga av denne historiske forteljinga om då reformasjonen kom til Norge i 1537. Dette er teateret ved havet, der naturen og landskapet spelar med; ei unik oppleving som gjer at mange kjem igjen som publikum år etter år.
Les meir om Kinnaspelet

Turnshow og workshop Sandane 26. juni

Her kan heile familien nyte eit spektakulært show i Trivselshallen på Sandane. Danske turnarar i verdsklasse kjem til Sandane og Hyen for å halde workshops, foredrag og show.
Les meir turnshow og workshops

Måløydagene 28. - 30. juni

Måløydagene har i over 40 år vore eit samlingspunkt på sommaren. I år blir det blant anna tivoli, opptog, Maskedrama, konsertar, loppemarknad og mykje anna underhaldning.
Les meir om Måløydagene

Havblikk 28. - 29. juni

Fanøy ligg i øygruppa Batalden, ytst i havgapet utanfor Florø, med om lag 60 fastbuande. Lenger vest ligg det opne hav, og i nord og sør ligg prektige fjell som reiser seg opp frå havet. Her kan du oppleve ein unik festival med naturen tett på.
Les meir om Havblikk

Årdalsmarknaden 29. juni

Velkomen til Årdalsmarknaden på torget i Øvre Årdal. Bedrifter og organisasjonar i Årdal held sal- og informasjonsstandar og aktivitetar for borna. IL. Jotun og ÅTIL står for sal av grillmat.
Les meir om Årdalsmarknaden

Førdefestivalen 4. - 7. juli

Vi er stolte over å vere hovudsponsor for Skandinavias største internasjonale festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk. På familiedag på søndagen stiller vi med kjekke aktivitetar og konkurransar for store og små.
Les meir om Førdefestivalen

Aurlandsmarknaden 5. - 7. juli

Ta med deg heile familien og nyt ei marknadshelg i Aurland. God musikk og underholdning frå scena, god mat samt herleg stemning vil gjere helga til eit av sommarens høgdepunkt for heile gjengen.
Les meir om Aurlandsmarknaden

Jølster Maraton 6. juli

Langs sørsida på Jølstravatnet kan ein delta på maraton, halvmaraton, 10 km og 5 km. Løpet er ein fast tradisjon kvar sommar, og vi gler oss til å sjå små og store denne dagen.
Les meir om Jølster Maraton

Solundfest 6. juli

Vi gler oss til ein dag med ulike aktivitetar til vanns og til lands, konsertar, trylleshow og helikopter-tur for den som tør.
Les meir om Solundfest