Berekraft og samfunnsansvar

Sparebanken Sogn og Fjordane har hatt ei sentral rolle i utviklinga av lokalsamfunna i regionen. «Ei drivkraft for Sogn og Fjordane» har vore visjonen sidan banken vart skipa i 1988. Vi har som mål å vere ei verksemd som bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn. Vi jobbar saman med kundane, leverandørane og samarbeidspartnerane våre for dette målet.
Her kan du lese meir om korleis vi arbeidar med berekraft, og kva initiativ vi støttar.

Berekraft og samfunnsansvar

Sparebanken Sogn og Fjordane har hatt ei sentral rolle i utviklinga av lokalsamfunna i regionen. «Ei drivkraft for Sogn og Fjordane» har vore visjonen sidan banken vart skipa i 1988. Vi har som mål å vere ei verksemd som bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn. Vi jobbar saman med kundane, leverandørane og samarbeidspartnerane våre for dette målet.
Her kan du lese meir om korleis vi arbeidar med berekraft, og kva initiativ vi støttar.

FN sine berekraftsmål

FN sine berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for ei berekraftig framtid og inneheld mål om å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Sparebanken Sogn og Fjordane støttar opp under FN sine 17 berekraftsmål. Som bank kan vi påverke mange av måla, og vi har identifisert kva mål vi har særleg påverknad på. Vi skal definere konkrete tiltak knytt til desse fire måla og jobbe systematisk med å nå dei. Vi har også med oss nr 17. Samarbeid for å nå måla, samarbeid er ein klar føresetnad for å klare å nå måla.

Mål 5 Likestilling mellom kjønna

  • Sparebanken Sogn og Fjordane har som mål å vere ein av dei mest attraktive arbeidsplassane i Sogn og Fjordane. I det legg vi også eit likestillings- og likeverdsperspektiv. Derfor har vi fokus på å ivareta og utvikle mangfald i banken, både i kvardagen og i rekruttering.

Mål 8 Anstendig arbeid og økonomisk vekst

  • Banken skal gjennom si verksemd bidra til at lønnsame prosjekt og investeringar får finansiering, og gjennom dette bidra til økonomisk vekst i Sogn og Fjordane og i landet.
  • Banken skal sjølv levere tilfredsstillande inntening og gje eigarar og samfunnet tilfredsstillande avkastning på kapitalen som er investert i banken. Banken skal vere ein inkluderande og trygg arbeidsplass.

Mål 11 Berekraftige byar og lokalsamfunn

  • Gjennom vårt arbeid med næringslivet, gåveutdelingar og sponsorarbeid skal vi bidra til å bygge berekraftige byar og lokalsamfunn.

Mål 13 Stoppe klimaendringane

  • Banken skal redusere eigne klimagassutslepp og energiforbruk. Vi skal halde fram med å vere miljøfyrtårnsertifisert.
  • Banken skal tilby produkt og tenester som gjer det gunstig for kunden å velje berekraftige alternativ.
  • Banken skal bidra med kunnskap og bevisstgjering og støtte berekraftige initiativ i lokalsamfunnet.

Initiativ vi støttar

Her finn du informasjon om initiativ vi støttar innanfor samfunnsansvar og berekraft.
Sjå meir om berekraftsprosjekt vi støttar

Berekraftsrapportering

Les berekraftsrapportane våre og energi- og klimarekneskapet vårt.
Les meir

Grønt rammeverk

Les om det grøne rammeverket vårt for utsending av grøne obligasjonar.
Les meir

Leverandørane våre

Vi stiller tydelege etikk- og miljøkrav til leverandørane våre.
Les meir