Vi er med i samvirke- og privatordninga for driftskreditt til landbruket. Kreditten er finansiering av driftskapital i form av løpande utgifter og dagleg drift, og vert etter kredittvurdering kobla opp som ei ekstra ramme på landbrukskontoen din.
Direkte overføring av oppgjer frå produsent
Landbrukskreditt er knytta til produsentoppgjer frå mottaksbedrifter av råvarer. De som er med i ordninga kan søke etter landbrukskreditt hos oss. Oppgjer vert då overført direkte til gardbrukaren sin landbrukskonto med kredittramme på.
Kredittgrensa styrt av leveransen
Grunnlaget for kreditten er dei samla årlege oppgjera, medrekna meirverdiavgift. Går leveransane ned, eller du leverer til bedrifter utanfor ordninga, pliktar vi å redusere kredittgrensa i høve til kredittgrunnlaget. Ein kan då ha kredittgrense på inntil 40% av brutto oppgjer føregåande år.
Rentene blir belasta på etterskot
Ved landbrukskreditt blir renta rekna av det beløpet som til ei kvar tid er trekt på konto. Rentene blir belasta på etterskot kvart kvartal.