AHV-rådgjevar bedriftssenter | SSF

AHV-rådgjevar Bedriftssenter

Interesse for fagfeltet økonomisk kriminalitet? Vi søker rådgjevar innanfor antikvitvask (AHV) som skal jobbe med vurderingar ved kundeetablering og løpande kundetiltak.
Det er stort fokus på å forebygge kvitvasking og terrorfinansiering både nasjonalt og internasjonalt. Vårt arbeid for å avdekke og stoppe økonomisk kriminalitet er viktig, og vi i Sparebanken Sogn og Fjordane ønsker difor å styrke bedriftssenteret med AHV-rådgjevarar for å ivareta dette arbeidet framover. Du vil vere med å bidra til at banken til ei kvar tid etterlever gjeldande kvitvaskingsreglar og sørge for at banken ikkje medverkar til økonomisk kriminalitet.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte

  • Gjennomføre vurderingar knytt til antikvitvask ved kundeetablering og løpande kundetiltak
  • Analytisk, kunnskaps- og risikobasert tilnærming ved gjennomgang av innsendt kundeinformasjon
  • Kontrollere kundeinformasjon mot dei til ei kvar tid gjeldande krav innanfor kvitvaskingsområdet
  • Vurdere kunderisiko blant anna knytt til kunden sin forretningsmodell, bransje, størrelse og eigarstruktur
  • Kundekontakt på telefon og skriftleg
  • Støtte og rådgjeving til bedriftskundar og kollegaer
Vi søker deg som likar å analysere kundedata. Du utfordrar oss med nye idear og nye måtar å jobbe på. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. I tillegg til dette ser vi etter deg som:
  • har høgare utdanning innan økonomi, juridiske fag eller liknande
  • har relevant arbeidserfaring, gjerne frå bank, rekneskap eller revisjon
  • er analytisk, nøyaktig og strukturert
  • kan skape tillit og utvikle gode relasjonar til kundar og kollegaer
  • har kjennskap/interesse for næringslivet i regionen
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.

Fakta om stillinga

Søknadsfrist
04.09.2024

Kontorstad
Førde

Kontakt
Leiar bedriftssenter Helena Igelkjøn, tlf: 415 00 933
Søk på stillinga
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 74 milliardar kroner og nær 290 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.