GOD STEMNING: Ingen tvil om at Arild Wergeland, Ingvild Høydal og Mona Hjartholm set prisen på gåva dei får.
Publisert 11. oktober 2024

Dei skal utvikle bygda si – fekk pengeoverrasking!

Banksjef Torunn Mattson ved Sparebanken Sogn og Fjordane sitt Gulen-kontor overraska arbeidsgruppa bak Brekke-prosjektet med ein gåvesjekk på 100 000 kroner.
– Dette er heilt fantastisk, og betyr at vi snart kan gå i gang med arbeidet, seier Ingvild Høydal til Mona Hjartholm, og klappar i hendene då banksjefen legg gåvesjekken på bordet.
– Vi har gått gjennom prosjektet som er lagt fram, og dette er noko vi verkeleg har trua på. Med den kommunale støtta som allereie er signalisert, har vi forhåpningar om at her skal det skje noko ganske raskt, seier Torunn Mattson og smiler medan ho er på synfaring med arbeidsgruppa bak prosjektet.
Gåva på 100 000 kroner er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Mykje kan gjerast

Gruppa har som mål å utvikle bygdesenteret i Brekke, og har teke initiativ overfor både næringslivet og oragnisasjonar for å skape eit vitalt og attraktivt bygdesentrum.
– Brekke er eit av sentrumsområda som Gulen kommune har planar om å «ruste opp». Vi har lyst til å etablere ein samlingsplass her nede ved sjøen for både folk i bygda og tilreisande. Vi har fått ei rad med gode framlegg frå folk i bygda, og skal mellom anna fjerne dei gamle rekkverka. På sikt har vi også lyst til å bygge trappetrinn ned mot sjøen. Det skal setjast opp eit flottare gjerde på kaifronten, og vi har planar om å setje opp eit grindbygg som ein kan opphalde seg i, seier Mona Hjartholm.
Ho held fram:
– Og vi vil sjølvsagt ha leikeapparat. Dessutan skal det både ryddast og plantast til slik at dette blir ein populær møteplass, fortel Hjartholm som saman med Hallvard Oppedal, Arild Wergeland og Ingvild Høydal hadde høve til å møte representantane Torunn Mattson og Severin Slettebø Rokne frå Sløvåg-kontoret til Sparebanken Sogn og Fjordane.
FRÅ VENSTRE: Severin Slettebø Rokne, Hallvard Oppedal, Mona Hjartholm, Ingvild Høydal, Arild Wergeland og Torunn Mattsson.

Løfte saman

Entusiastane bak bygdeutviklingsprosjektet i Brekke viser til at området har forfalle gradvis over tid, og at det mellom anna har vore plassert konteinarar der.
– No håpar vi å få gjort dette store rommet sentralt i bygda meir attraktivt. Vi kjem til å bruke det aktivt i samband med arrangement, og har henta impulsar frå mange andre stader som har gjort tilsvarande. Trafikken forbi området er stor, spesielt på sommarstid. Men slik det har vore i lang tid, så har det ikkje vore særleg freistande å stoppe opp her. Får vi på plass eit grindbygg, benkar, sitteplassar og leikeapparat, samt noko beplantning, trur vi mykje er gjort. Vi må iallfall begynne ein plass, seier Ingvill Høydal.
Saman med dei andre har ho stor tru på at dette skal kunne bli realisert med det første.
– Vi har mange andre planar også, og allereie i mai neste år har vi planar om å blåse liv i den ærverdige Brekke-stafetten igjen. Då blir det sjølvsagt start og mål her på den nye samlingsplassen med masse aktivitetar. Får vi respons på fleire av søknadane våre til andre finansinstitusjonar, så kan dette bli eit stort spleiselag som løftar kvaliteten til Brekke. Vi må iallfall ha trua på at dette skal vi få til, seier entusiastane og blir støtta av banksjef Torunn Mattson.
– Dette er eit bu- og bli lyst-prosjekt vi har lyst til å støtte gjennom vårt bidrag. Slike bygdeutviklingsprosjekt er svært viktig for at vi skal oppretthalde busetnaden ute i distrikta, seier Mattson og gjev gåvesjekken på 100 000 kroner over bordet.
– Dette er så fantastisk at eg spør om vi kan henge den opp på oppslagstavla på butikken slik at kundar ser kven som støttar oss, seier Hjartholm.
Dette er området som skal rustast opp.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

1 million kroner til «Lys i bygda»

Med eit billettfond med pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane håpar Teater Vestland å skape endå meir lys i bygdehusa.

Les heile saka
1 million kroner til «Lys i bygda»16. oktober 2024
– No kan vi invitere spelarane til optimale tilhøve14. oktober 2024
Her er det første skiltet på plass9. oktober 2024
– Det vi gjer her er nyskapande!8. oktober 2024