MANGE MOTTAKARAR: Totalt tre millionar kroner er blitt fordelt til bygdehus i Sogn og Fjordane.
Publisert 18. oktober 2024

25 bygdehus i Sogn og Fjordane fekk pengar

25 gåvesjekkar med ein totalverdi på tre millionar kroner har fått nye eigarar. Her kan du sjå alle som har fått.
Sidan 2018 har Noregs Ungdomslag fått gåver frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, med pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Desse pengane har bygdehusa i Sogn og Fjordane kunne søkt direkte til ungdomslaget om, og gjennom prosjektet "Huset i bygda" er tre millionar kroner no fordelt på 25 heldige mottakarar.

– Viktige hus i bygdelaga

Denne veka var det utdeling for "Huset i bygda" på Nasdalen Grendalag sitt samfunnshus på Lunde i Sunnfjord. Her var representantar frå bygdehus rundt om kring i Sogn og Fjordane til stades.
– I 2024 har vi fått heile tre millionar kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. I år fekk vi inn totalt 78 søknadar, og i kveld kan vi dele ut gåvesjekkar til heile 25 av desse. Dette er fordelt på 20 sjekkar som går til meir ordinære bygningsmessige tiltak, medan dei fem siste sjekkane går til det vi definerer som «universell utforming» av desse viktige husa i bygdelaga rundt omkring i fylket, fortalde Ida Søderstrøm, som er organisasjonskonsulent i Norges Ungdomslag.

Hjartet i bygda

– Vi er vi opptekne av at det skal vere lys i husa, og det skal vere aktivitet i bygdene. Bu- og bli-lyst er viktige omgrep for oss, og vi veit at desse viktige kulturhusa betyr mykje for barn, ungdom, vaksne og eldre rundt i bygdene. Mange plassar er desse bygga sjølve hjartet i bygda, og her får mange kjennskap til viktige verdiar som fellesskap og dugnad, sa Yngve Thorsen, som er gåve- og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er eigar av Sparebanken Sogn og Fjordane, og forvaltar delar av overskotet i banken mellom anna med å gje gåver til allmennyttige føremål i heile Sogn og Fjordane.
Denne veka har det også blitt delt ut ei anna gåve som bygdehusa kan få glede av. Teater Vestland sitt nye prosjekt "Lys i bygda" har fått ei gåve på éin million kroner. Les meir om det her.
Desse fekk pengar frå Huset i bygda:
Kommune: Organisasjon: Sum:
Askvoll, Flokenes grendahus, Elvetun 75 650
Aurland, Aurland ungdomslag 100 000
Aurland, Undredal ungdomslag 300 000
Bremanger, Berle grendalag 77 000
Bremanger, Ungdomslaget Havdur, u.u. 40 000
Fjaler, Dale ungdomslag 39 000
Gloppen, Husstyret for Vonheim 115 000
Gloppen, Grendehuset Gimle u.u.100 000
Gloppen, Foreninga Breimshallen, u.u. 70 000
Gulen, Eidsbotn Vel 135 000
Hyllestad, «Trygt hus», gml. ungdomshus 50 000
Hyllestad, Skifjord grendahus, u.u. 100 000
Kinn, Almenning grendalag 40 000
Kinn, Askrova grendahus 76 000
Kinn, Stavøy grendalag 79 625
Luster, Indre Hafslo bygde- og ungdomslag 150 000
Luster, Mollandsmorki grendalag 45 000
Lærdal, Lærdal ungdomslag, Frilund 250 000
Lærdal, Lærdal ungdomslag, Frilund, u.u. 250 000
Sogndal, Vetlefjorden grendahus 60 000
Sunnfjord, Førde ungdomslag, Viking 67 000
Sunnfjord, Nasdalen grendahus, u.u. 300 000
Sunnfjord, Instedalen krins 37 000
Stad, Bryggja grendahus 110 000
Vik, Framfjord ungdomslag 224 350
*u.u.= universell utforming
Nasdalen Grendalag sitt hus er ein av 25 bygdehus som har fått pengar.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

1 million kroner til «Lys i bygda»

Med eit billettfond med pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane håpar Teater Vestland å skape endå meir lys i bygdehusa.

Les heile saka
1 million kroner til «Lys i bygda»16. oktober 2024
– No kan vi invitere spelarane til optimale tilhøve14. oktober 2024
Dei skal utvikle bygda si – fekk pengeoverrasking!11. oktober 2024
Her er det første skiltet på plass9. oktober 2024