Her mottar Vidar Nyhammer i Fjellhug/Vereide IL beviset på at dei får 300 000 kroner. Gåva vart delt ut av Yngve Thorsen (t.v.) i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Jan Arve Frøyset i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Publisert 30. august 2024

– Jobben som vert lagt ned er viktig for mange!

Under Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt gåvesøknadskurs på Sandane mottok Fjellhug/Vereide ei gåve på 300 000 kroner. No håpar dei å ha på plass ny trakkemaskin før snøen kjem.
– Eg var sjølv på Kleivane Skisenter då vi opplevde at Fjellhug/Vereide si trakkemaskin rauk. Då måtte dei lage skispor på «gamlemåten», med scooter. No håpar eg at dei får nok pengar til å kjøpe ny trakkemaskin!
Orda kjem frå Yngve Thorsen, som er gåve og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Medan han var på Sandane førre kvelden for å halde søknadskurs i samband med at fristen for å søkje gåver går ut 1. september, hadde han med seg ein sjekk på 300 000 kroner. Som han og Jan Arve Frøyset, kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, kunne gje til Vidar Nyhammer i Fjellhug/Vereide.
Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Kjøper brukt maskin

– Den jobben som vert lagt ned på Kleivane skiskenter er særs viktig for mange. Dette er ein populær utfartsstad for innbyggjarane i Gloppen, men også for folk elles i regionen. Det er eit ganske snøsikkert område, og det er mange som reiser til Kleivane for å spenne på seg skia. Og nesten alltid finn ein flotte løyper der, sa Yngve Thorsen og håpar at Fjellhug/Vereide med denne sjekken kan gå til investering av ny trakkemaskin.
Noko Vidar Nyhammer kunne kvittere for med å vise til at dei no har tilbod om å kjøpe ei brukt trakkemaskin til 1,7 millionar kroner.
– No skal vi til helga feire 125-årsjubileum, og dette kunne ikkje vore ei betre gåve. Når vi no får på plass ei ny trakkemaskin, så kan vi igjen lage flotte løyper til skiinteresserte, seier leiaren i det aktive laget som er moderklubben til eksempelvis Odd-Bjørn Hjelmeset.

Minnegåve frå leiar

– Ja, vi har lange tradisjonar for å halde oppe eit godt dugnadsarbeid og skape aktivitet. Så å få ei slik gåve varmar veldig, sa Nyhammer og kan elles orientere om at klubben nyleg har fått overført 115 800 kroner i minnegåve i samband med at leiarprofilen Astrid Fjellestad Hauge gjekk bort tidlegare i år.
– Astrid hadde vore leiar i Fjellhug/Vereide i over 20 år, og la ned ein formidabel innsats. Og når vi i samband med gravferda hennar får overrekt så mykje pengar, så reflekterer det noko om kor mykje ho har betydd for både lokalsamfunnet, idrettslaget og Kleivane skisenter. Ein arv vi håpar å kunne ta med oss vidare i arbeidet for å oppretthalde aktiviteten på Kleivane. Og med denne gåva frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kan vi orientere medlemmene på jubileumsfesten at ny trakkemaskin mest sannsynleg vil vere på plass før snøen kjem. Det blir flott, understreka Nyhammer.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Vart overraska på scena – fekk 50 000 kroner

Ord og uttrykk er verkemiddel som scenekunstnarar nyttar ofte. Men då Angy Avendano (26) fekk tildelt haustens første Furorestipend, kom det berre ei setning: – Eg er berre heilt tom for ord!

Les heile saka
Vart overraska på scena – fekk 50 000 kroner12. september 2024
Både idrettslaget og Røde Kors får glede av denne11. september 2024
Overraska arbeidsfolket med bollar og pengar9. september 2024
20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane6. september 2024