SKAL UTVIDE GARASJEBYGGET: Behovet for meir lagerplass på Naustdal stadion er stort. No får dei pengar til dette. Frå venstre: Bjørn Hundershagen (Tambarskjelvar IL), Lars Solnørdal (Sparebanken Sogn og Fjordane) og Jan Inge Rygg (Tambarskjelvar IL).
Publisert 11. september 2024

Både idrettslaget og Røde Kors får glede av denne

– Vi har eit skrikande behov for meir lagerplass. Dette gjeld både Naustdal Røde Kors og Tambarskjelvar idrettslag, seier Bjørn Hundershagen. Med ei gåve på 350 000 kroner kan dei straks gå i gang.
– Vi er ikkje heilt i mål med prosjektet, men denne gåva gjer det mogleg å komme i gang. Vi har fleire søknadar inne, og håpar sjølvsagt å få noko meir støtte hos andre. Men dette var ei utruleg kjekk gåve å få, seier Bjørn Hundershagen, som er leiar i driftsstyret for Naustdal stadion.
Saman med Jan Inge Rygg, som er primus motor bak søknadsskriving og revisor av yrke, så kunne desse to eldsjelene motta ein sjekk på 350 000 kroner. Det var banksjef privatmarknad i Sunnfjord i Sparebanken Sogn og Fjordane, Lars Solnørdal, som kunne overrekke sjekken.
– Vi har sett at det vert jobba godt innanfor det frivillege i Naustdal, og både idrettslaget og Naustdal Røde Kors har synleggjort at det er stor trong for meir lagerplass. No håpar vi at dei kan få dette på plass raskt, seier Solnørdal.
Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Stort bygg

Planen til dei to frivillige organisasjonane er å utvide dagens redskapshus/garasje på nordsida av Naustdal stadion.
– Vi har altfor lite plass i dag. Vi har planar om å løfte taket på dette bygget, sette inn nye sperrer og utvide bygget. Totalt vil det bli på om lag 300 kvadratmeter, så her vil Røde Kors, friidrettsgruppa og fotballgruppa få meir plass. Mellom anna skal vi også ha eit eige oppvarma ballrom slik at trenarar og lagleiarar ikkje trenge å transportere ballar frå bana til heimen kvar dag, seier Hundershagen.

God eigenkapital

Byggeprosjektet vil ha ein total kostnad på 3,4 millionar kroner.
– Vi er ikkje i mål med tanke på det finansielle i dag, men vi jobbar på fleire frontar for å få løyst dette. Både Røde Kors og Tambarskjelvar går inn med god eigenkapital, vi har gode dugnadsressursar og det er årsmøtevedtak på at spelemidler vil bli forskottert, seier Bjørn Hundershagen og håpar grunnarbeidet kan komme i gang i løpet av hausten.
SAMARBEID: Både Kristoffer Haugsbakk (t.v.) i Naustdal Røde Kors, og Bjørn Hundershagen og Jan Inge Rygg i Tambarskjelvar IL får glede av desse pengane.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Vart overraska på scena – fekk 50 000 kroner

Ord og uttrykk er verkemiddel som scenekunstnarar nyttar ofte. Men då Angy Avendano (26) fekk tildelt haustens første Furorestipend, kom det berre ei setning: – Eg er berre heilt tom for ord!

Les heile saka
Vart overraska på scena – fekk 50 000 kroner12. september 2024
Overraska arbeidsfolket med bollar og pengar9. september 2024
20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane6. september 2024
– Jobben som vert lagt ned er viktig for mange!30. august 2024