GÅVE: Jostein Fredheim og Per Kristian Storevik i stiftinga til Singerheimen får her 400 000 kroner. Til høgre står Mats Solheim og Odd Kjetil Tonning ved Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor i Stryn.
Publisert 22. oktober 2024

– Dette er viktig å ta vare på

Singerheimen i Olden er ein nasjonal kulturskatt. Måndag dukka banksjef Odd Kjetil Tonning med ein gåvesjekk på 400 000 kroner til restaureringsarbeidet til dei grøne bygningane på Dalheim.
– Dette er eit praktverk, og absolutt verdt å ta vare på for framtidige generasjonar, seier banksjefen i Sparebanken Sogn og Fjordane, medan han og kollega Mats Solheim vert losa rundt bygningane av Per Kristian Storevik og Jostein Fredheim i stiftinga for bygget.
Dei irrgrøne bygningane på Dalheim rett over Olden sentrum er eit blikkfang for mange som fartar forbi. Og både Storevik og Fredheim i «Stiftelsen William H. Singer jr og Anna Brugh Singers Minde» fortel at interessa for den amerikanske familien har auka i det siste.
– Ja, ingen tvil om at då Singerheimen vart nasjonalt freda i 2021, så er det fleire og fleire som har blitt klar over desse unike bygga. Samstundes er det klart at bygningar som er meir enn 100 år gamle krev mykje vedlikehald. Så desse 400 000 kronene er svært kjærkomne, fortel Storevik og viser til gåva dei har fått.
Gåva på 400 000 kroner er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Autentisk

– Mesteparten av det som finst av møblar og interiør er autentisk frå den tida Singer-familien budde her. Så dette er å vandre i historia, fortel Storevik og viser fram både underetasjen kor tenestefolket helt til og hovudetasjen, kor William H. Singer og kona Anna Brugh Singer budde.
– Det er sikkert ikkje alle som kjenner til Singer-familien sin viktige posisjon i Nordfjord. Firda Gymnas på Sandane, sjukehuset på Eid, vegen mellom Olden og Innvik og dette enorme bygningskomplekset på Dalheim er berre noko av det Singer-familien finansierte. Gjennom faren sitt stålverk i USA, var William Singer svært godt bemidla, og hadde tilhald i Norge store deler av sommarhalvåret. Han var kunstnar/målar, og hadde stor interesse av jakt, fiske og friluftsliv.
Det fortel Jostein Fredheim og viser til noko av restaureringsarbeidet som har vore påkravd i det siste.
– Vi har skifta store deler av taket, då vi plutseleg oppdaga lekkasje. Arbeidet med å fjerne rôteskader er fullført, og vi har også gjort noko arbeid med å få på plass rekkverk på trapper. Og med tanke på at hovudbygget her stod ferdig i 1921, så er det ikkje vanskeleg å forstå at det er trong for kontinuerleg restaurering, seier styreleiar Storevik.
Tunet som består av totalt ni bygningar, nemleg villaen, studio, mausoleum, eldhus, drengestove/tenarbustad, stabbur, driftsbygning, bungalow og vedhus.

– Gjer den unike historia kjent

Banksjef Odd Kjetil Tonning omtalar Singerheimen som eit skattkammer.
– Eg er sikker på at svært mange ikkje kjenner bakgrunnen for Singerheimen. Så kan vi få vere med på å gjere denne viktige lokalhistoria kjent, så er vi svært glade for det. Vi får gje noko tilbake til lokalsamfunnet, og kanskje kan vi også vere med på å gjere denne unike historia kjent, seier Tonning og vedgår at han er svært glad for at det framleis er aktivitet i Singerheimen.
– Det er utruleg flott at det både blir arrangert omvisningar, er overnattingar og blir laga arrangement i Singerheimen. Ikkje minst har eg forstått at «after tea-arrangementa» er attraktive, seier Tonning om den amerikansk-inspirerte og unike bygningsmassen på Dalheim i Olden.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

25 bygdehus i Sogn og Fjordane fekk pengar

25 gåvesjekkar med ein totalverdi på tre millionar kroner har fått nye eigarar. Her kan du sjå alle som har fått.

Les heile saka
25 bygdehus i Sogn og Fjordane fekk pengar18. oktober 2024
1 million kroner til «Lys i bygda»16. oktober 2024
– No kan vi invitere spelarane til optimale tilhøve14. oktober 2024
Dei skal utvikle bygda si – fekk pengeoverrasking!11. oktober 2024