GOD OPPSLUTNAD: Via ein Spleis har det blitt samla inn 51 000 kroner til rehabilitering av Gjesthalla på Vassenden. – Når folket støttar så bra opp, så betyr det at dette er eit viktig tilbod, seier Magn Henning Helgås (t.h.) i Sparebanken Sogn og Fjordane, som her overrekker 50 000 kroner frå banken til Ørjan Smaadal og Gjesthalla.
Publisert 2. juli 2024

Ørjan takkar lokalfolket – no kjem dei i mål!

– Takka vere gåvene frå folket i bygda og frå banken, så kjem vi i mål, seier Ørjan Smaadal.
På Vassenden ligg Gjesthalla samfunnshus idyllisk til ved Jølstravatnet. For tida får dette forsamlingslokalet eit solid løft, og mellom anna skal det skiftast tak og vindauge.
– For fire år sidan kom det inn eit nytt styre, blant anna styreleiar Øyvind Gjesdal som gjer ein kjempejobb. Han har stått på og sendt søknader, og vi har fått inn bra med midlar. Men vi har ikkje hatt nok til den siste «finishen» på fasaden, seier Ørjan Smaadal, som sit i styret i Gjesthalla.
For å få dette i hamn så oppretta dei ein Spleis der dei som ville av lokalfolket kunne gi ein sum til samfunnshuset sitt. Oppslutnaden var veldig god! Då spleisen vart avslutta 30. juni hadde dei fått inn totalt 51 000 kroner frå folket. Denne summen vert no dobla med ei gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Når folket støttar så bra opp, så betyr det at dette er eit viktig tilbod. Då er det kjekt at vi også kan vere med å bidra, seier Magn Henning Helgås i Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Med 50 000 frå folket og 50 000 frå banken, så kjem vi i mål. Eg må få takke lokalfolket som har støtta oss. Tusen takk også til Sparebanken som viser at dei er ein bank for lokalsamfunnet, seier Smaadal.
Meir om Gjesthalla og jobben som skal gjerast kan du lese på Facebook-sida deira her.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane

Takka vere pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane skal DNT Sogn og Fjordane satse på friluftsliv i nærområdet og gjere kommunane meir attraktive å bu i. Målet er å utvikle nærturmoglegheitene i kvar kommune.

Les heile saka
20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane6. september 2024
– Jobben som vert lagt ned er viktig for mange!30. august 2024
Banken har selt seg ut av Frende27. august 2024
Slik får du kontroll på økonomien i haust20. august 2024