Publisert 27. august 2024

Banken har selt seg ut av Frende

Sparebanken Sogn og Fjordane har selt seg ut av Frende forsikring - dette betyr det for deg som forsikringskunde.
Sparebanken Sogn og Fjordane har gjort dette fordi vi har kjøpt oss inn i SpareBank 1-alliansen. Vi selde eigarposten til eksisterande aksjonærar i Frende for 513,3 millionar kroner. Banken får som følgje av dette ein rekneskapsmessig gevinst på 148 millionar i tredje kvartal. 

Du er forsikra som før

Forsikringane dine i Frende vil det ikkje skje noko med, desse har du akkurat slik du har i dag.
Men, fordi banken har selt seg ut av Frende, vil du om kort tid ikkje sjå forsikringane dine på våre nettsider eller i mobilbanken lenger. Dei vil du i framtida finne på frende.no i staden, og du kontaktar Frende direkte for hjelp. Enn så lenge ligg forsikringane dine synleg hos oss, det vil dei gjere heilt fram til du får beskjed om noko anna.

Sparebanken Sogn og Fjordane vil framleis tilby forsikring

Vi kjem framover til å tilby forsikring gjennom forsikringsselskapet til alliansen, SpareBank 1 forsikring/Fremtind.

Rådgjevarane våre vil snart starte å selje SpareBank 1 sine forsikringsprodukt.

Meir informasjon

Du som kunde vil få informasjonen du treng å vite rundt dette i mailboksen din. Har du spørsmål kan du ringe kundesenteret vårt på telefon 57 82 97 00.

Siste frå meirennbank.no

Vart overraska på scena – fekk 50 000 kroner

Ord og uttrykk er verkemiddel som scenekunstnarar nyttar ofte. Men då Angy Avendano (26) fekk tildelt haustens første Furorestipend, kom det berre ei setning: – Eg er berre heilt tom for ord!

Les heile saka
Vart overraska på scena – fekk 50 000 kroner12. september 2024
Både idrettslaget og Røde Kors får glede av denne11. september 2024
Overraska arbeidsfolket med bollar og pengar9. september 2024
20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane6. september 2024