SKAL SKIFTE: Dukane på borda til Hyllestad Biljardklubb skal bytast ut. Til dette har dei fått ei gåve på 25 000 kroner. Her er Jan Erik Hatlem, leiar i biljardklubben, og banksjef Torunn Mattson.
Publisert 14. oktober 2024

– No kan vi invitere spelarane til optimale tilhøve

Ingen tvil om at Hyllestad er Norges biljard-metropol. – Ja, vi kan skryte av at vi har passert 300 medaljar i NM av denne gjengen vår, seier Jan Erik Hatlem og smiler.
Leiaren i Hyllestad Biljardklubb vart overraska av banksjef for regionen, Torunn Mattson, som dukka opp med ein gåvesjekk på 25 000 kroner. Pengane skal gå til å skifte duk på dei åtte biljardborda som er i det nye biljardlokalet ved Hyllestad skule.
Stor aktivitet over tid gjer at slitasjen er stor, og det er trong for nye dukar for at presisjonen i spelet skal vere tilfredstillande.

På tide

– No er det snart fire år sidan sist vi skifta duk, og det merkast. Biljard er svært populært her i Hyllestad, og biljardsalongen er mykje brukt. Ikkje minst til treningar, men også til større stemne for dei beste spelarane i landet, fortel Hatlem til Mattson og kan vise til at sidan midten av 1990-talet då biljardaktiviteten tok seg opp i kommunen, så har spelarar frå Hyllestad Biljardklubb kapra meir enn 300 medaljar i NM.
– Dessutan har vi ei rad med internasjonale medaljar gjennom desse om lag 30 åra. No har vi dessutan fått ein så sentral posisjon nasjonalt at landslagstrenaren for juniorane kjem frå Hyllestad, nemleg Rudi Wolff. Han var ein av dei første i klubben som hevda seg nasjonalt, og det blir spennande å sjå om han vil løfte det norske juniorlandslaget med sine kvalitetar, seier Hatlem.

Får pengegåve

– Vi har åtte bord i salongen, og har dessutan eit eige område kor vi kan servere deltakarar mat og drikke, og kor vi kan vere sosiale. For mange har biljarden blitt ein møteplass. Det var tilfelle då vi var i Sørbøvåg, og er absolutt tilfelle no her ved skulen i Hyllestad. Så vi må rekne med at utøvarar herifrå i framtida vil gjere kraftig innhogg i medaljefatet i nasjonale konkurransar i biljard, Hatlem og blir svært glad for gåvesjekken.
Gåvesjekken på 25 000 kroner er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Vi er utruleg takksame for at vi har ein bank som stiller opp slik Sparebanken Sogn og Fjordane gjer. No kan vi straks gå i gang med å skifte dukane, slik at vi kan invitere tilreisande spelarar til optimale tilhøve, avsluttar Hatlem og takkar audmjukt for gåvesjekken frå Torunn Mattson.

Siste frå meirennbank.no

1 million kroner til «Lys i bygda»

Med eit billettfond med pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane håpar Teater Vestland å skape endå meir lys i bygdehusa.

Les heile saka
1 million kroner til «Lys i bygda»16. oktober 2024
Dei skal utvikle bygda si – fekk pengeoverrasking!11. oktober 2024
Her er det første skiltet på plass9. oktober 2024
– Det vi gjer her er nyskapande!8. oktober 2024