Desse fekk gåve i Sunnfjord og Høyanger kommune


Cecilie Lundsholt i Teater Vestland.
Lars Solnørdal (t.h.) og Magn Henning Helgås (nr to f.h.) frå Sparebanken Sogn og Fjordane stod for utdelingane.
Stian Lunde Njøsen og Cato Vik frå Sunnfjord Skisenter.
Bjørn Anders Steinsund og Andre Sunde frå Jølster IL og Skei Storhall.
Stine Bortheim, Sigrid Eikeland og Daniel Dvergsdal. Dei fekk pengar til Sunnfjord U40.
Åsmund Berthelsen frå Instedalen Skianlegg.
Sofie og alle i Sunnfjord Fjordhestlag fekk 50 000 kroner.
Annette og Sofie Kapstad.
Sissel Bruland i Sunnfjord Hestesportlag.
Oddbjørn Schei og Mai Britt Grytten fekk pengar til lys og benkar på ny turveg i Naustdal.
Mai Britt Grytten og Oddbjørn Schei.
Førdepatrioten er blitt digital. Her er Geir Vindheim frå Førde IL Fotball.
Rolf Thingvold frå Anga Fotballklubb.
Anga Fotballklubb har sett i gang prosjektet Keeperløftet Sunnfjord.
Ein stor og flott gjeng med gåvemottakarar samla på Scandic Sunnfjord.
Om lag éin million kroner vart delt ut denne dagen.
Previous (#prev)Next (#next)1 (#1)2 (#2)3 (#3)4 (#4)5 (#5)6 (#6)7 (#7)8 (#8)9 (#9)10 (#10)11 (#11)12 (#12)13 (#13)14 (#14)15 (#15)16 (#16)
7. juni 2022 – Kristian Helle

Om lag éin million kroner vart delt ut til ulike lag og organisasjonar på Scandic Sunnfjord nyleg. I bildeserien over kan du bla deg gjennom og sjå kven desse er.
I desse dagar vert det rundt om i heile Sogn og Fjordane delt ut pengegåver til lag og organisasjonar. Desse gåvene er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
I kommunane Høyanger og Sunnfjord er det totalt 16 heldige mottakarar, og alle desse vart invitert på lunsj og utdeling på Scandic Sunnfjord Hotel. Totalt 17 representantar frå ti av mottakarane bidrog til ein triveleg utdeling.
– Å dele ut gåvene på denne måten er for å gjere litt ekstra stas på mottakarane, og i tillegg får dei møte kvarandre og fortelje om sine prosjekt. Ein god måte å bygge nettverk og dele idear på, seier Lars Solnørdal.
Han er banksjef på privatmarknaden i Sunnfjord, og saman med Magn Henning Helgås sto dei for utdelingane. Sistnemnde er assisterande banksjef på bedriftsmarknaden i Sunnfjord.
– I heile Sogn og Fjordane er det mange som gjer ein jobb for at andre skal ha det bra. Det er fantastisk! Alle desse som har fått gåver her i dag er gode eksempel på nettopp dette, og derfor er det veldig kjekt for oss å bidra med pengegåver frå overskotet vårt, seier Helgås.
Dette er vårens gåvemottakarar i kommunane Sunnfjord og Høyanger:
Sunnfjord skisenter – 300 000 kroner til trakkemaskin
Instedalen skianlegg – 125 000 kroner til utviding/bygge på klubbhus
Anga Fotballklubb – 30 000 kroner til keeperløft i Sunnfjord
Sunnfjord Hestesportklubb – 50 000 kroner til NM Fjordhest
Sunnfjord Utvikling – 100 000 kroner til Sunnfjord U40
Sunnfjord Fjordhestlag – 50 000 kroner til lagerrom for hindermateriell
Teater Vestland – 50 000 kroner til danseframsyning i samband med skeivt kulturår
Naustdal Fram – 100 000 til benkar og lys langs ny turveg i Naustdal
Førde Fotball – 75 000 til digitalisering av eigen kommunikasjon (Førdepatrioten)
Jølster IL – 100 000 til sitteplassar i Skei Storhall
Kyrkjebø Sanitetslag – 71 295 til gapahuk
Vadheim IL – 100 000 kroner til ballbinge
Førde Jakt og Fiskelag – 100 000 kroner til leirduebane i Kråkenesmarka
Sunnfjord Kulturråd – 50 000 kroner til Frivilligkonferanse
Einevegen Vel – 37 780 kroner til leikeplass
IL Høyang – 200 000 kroner til klatrevegg
LES OGSÅ ANDRE GÅVESAKER FRÅ DENNE VÅREN:
  • Tusen 8. klassingar får gratis buss til ViteMeir
  • 100 000 kroner til nytt nettverk for unge i næringslivet
  • Sparebankane klinkar til – Svanøy Stiftelse får gåve på 10 millionar
  • Ny turveg opna i Naustdal: – Eg er både glad og stolt
  • 100 000 kroner skal gjere Loen til eit betre reisemål
  • Fire millionar kroner i gåver frå Sparebankstiftinga Fjaler
  • Jon og Dag hjelper sårbare grupper – her får dei milliongåve

Siste frå meirennbank.no

– Dette er viktig å ta vare på

Singerheimen i Olden er ein nasjonal kulturskatt. Måndag dukka banksjef Odd Kjetil Tonning med ein gåvesjekk på 400 000 kroner til restaureringsarbeidet til dei grøne bygningane på Dalheim.

Les heile saka
– Dette er viktig å ta vare på22. oktober 2024
25 bygdehus i Sogn og Fjordane fekk pengar18. oktober 2024
1 million kroner til «Lys i bygda»16. oktober 2024
– No kan vi invitere spelarane til optimale tilhøve14. oktober 2024