Publisert 20. august 2024

Slik kan du få kontroll på økonomien i haust


Hausten markerer for mange eit nytt skuleår eller ein ny jobb og kan vere eit godt tidspunkt for å få oversikt over økonomien. Med auka kostnader, er det lurt å sjå nærare på kva grep du kan ta for å få mest mogleg ut av pengane dine. Ta deg tid til å få oversikt og start det nye skuleåret med god kontroll på pengane dine.

Lag eit budsjett

Det første steget er å lage eit budsjett. Ta utgangspunkt i inntektene dine og set opp faste utgifter som husleige, straum, mobilabonnement og mat. Prøv å sette av litt pengar til sparing, og ikkje gløym å sette av litt ekstra til uventa utgifter som kan dukke opp.

Depositumskonto

Skal du inn på utleigemarknaden, er det vanleg å betale eit depositum på nokre månaders leige. Det er viktig å passe på at desse pengane blir sett inn på ein depositumskonto i banken, og ikkje går direkte til utleigar. Dette sikrar at pengane er trygt plassert, og at dei berre kan nyttast i samsvar med leigekontrakten. Når du flyttar ut vil depositumet bli tilbakebetalt dersom bustaden er i god stand.

Finn rimelege løysingar

Når ein startar på ein ny stad, kan det vere lett å la seg freiste av å kjøpe alt nytt. Sjå etter bruktalternativ for møblar og utstyr til hybelen eller leilegheita. Det finst mange nettstader og lokale grupper på sosiale medium der du kan finne gode tilbod. Er du student kan det vere lurt å sjekke ut studentrabattar på alt frå kollektivtransport til treningssenter.

Matbudsjett og handling

Mat kan fort bli ein stor utgiftspost. Planlegg måltida dine og lag handlelister. Det er ofte billegare å handle på ein daglegvarebutikk med låge prisar og å kjøpe varer på tilbod. Lag gjerne mat frå botnen og unngå ferdigmat, då dette både sparar pengar og ofte er sunnare.

Unngå unødvendig gjeld

Kredittkort og forbrukslån kan vere freistande, men prøv å unngå å bruke pengar du ikkje har. Betal alltid rekningane dine i tide for å unngå renter og gebyr. Om du har lån, kan det vere lurt å sjå på moglegheita for å refinansiere for å få betre vilkår.

Spar smart

Sjølv om økonomien kan vere stram, er det lurt å starte sparinga tidleg. Sett opp ein fast spareavtale, sjølv om det berre er ein liten sum kvar månad. Over tid vil det kunne utgjere ein stor forskjell. Ein bufferkonto kan vere nyttig for uventa utgifter, og det gir deg tryggleik i kvardagen. Opprett småsparing, så sparer du eit lite beløp kvar gong du bruker kortet ditt, heilt utan at du merker det. Små beløp kan til slutt bli noko større.

Samarbeid med andre

Om du bur saman med andre, kan de gå saman om å dele på utgifter. Dette kan gjelde alt frå matinnkjøp til felles straum- og internettabonnement. Slik kan de begge spare pengar og unngå dobbelt opp av kostnader.

Vi ønsker deg lykke til og god haust.

Siste frå meirennbank.no

Vart overraska på scena – fekk 50 000 kroner

Ord og uttrykk er verkemiddel som scenekunstnarar nyttar ofte. Men då Angy Avendano (26) fekk tildelt haustens første Furorestipend, kom det berre ei setning: – Eg er berre heilt tom for ord!

Les heile saka
Vart overraska på scena – fekk 50 000 kroner12. september 2024
Både idrettslaget og Røde Kors får glede av denne11. september 2024
Overraska arbeidsfolket med bollar og pengar9. september 2024
20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane6. september 2024