NYTT ANLEGG: Kunderådgjevarane Samuline Seljeset (t.v.) og Mats Solheim (t.h.) fekk teste ut den heilt nye frisbeegolf-bana på Ullsheim. Med seg hadde dei 150 000 kroner som dei overrekte til Torbjørn Hatledal og Monica Halsteinslid i Markane IL.
Publisert 1. juli 2024

– No får vi eit komplett anlegg

Under opninga av det heilt nye frisbeegolf-anlegget på Ullsheim, kunne eldsjeler i Markane IL ta imot 150 000 kroner i gåve.
Styremedlemmene Torbjørn Hatledal og Monica Halsteinslid kunne gledeleg ta imot gåva frå Samuline Seljeset og Mats Solheim ved Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor i Stryn, og på same tid få testa ut den nye diskgolf-bana, eller frisbeegolf som det også vert kalla.
– Dette er ei full 18-holsbane, og den følger i store trekk løypenettet som vi har her på Ullsheim. Grunneigarane har vore veldig positive til at vi etablerer denne aktivitetsforma som først og fremst blir nytta sommarstid, seier Torbjørn Hatledal og viser dei to banktilsette rundt i starten av frisbee-anlegget.
– Dei fleste strekka er anten par 3 eller par 4-hol, og er lett tilgjengeleg for folk flest. Dei første gjestene har allereie dukka opp i anlegget då jungeltelegrafen har gått om at bana var ferdig eit par dagar før sjølve opningsfesten fredag kveld, smiler Hatledal og ruslar rundt saman med Monica Halsteinslid i det flotte turterrenget på Ullsheim.

Tatt i bruk

– Her er alle fasilitetar elles, med parkering og toalett. Dermed har vi no fått eit komplett anlegg. I tillegg til rulleskiløypa med tanke på langrenn og skiskyting, så kan det no leggast opp til større aktivitet her utanom vinterstid, seier Halsteinslid og ser at ein kvartett frå Nordfjordeid har teke turen for å teste ut det nye diskgolf-anlegget.
– Vi kjem eins ærend frå Nordfjordeid for å teste ut denne bana. Vi har høyrt at den skal vere klar til å bli teke i bruk, så vil vi gjerne vere blant dei første som testar den, seier Oselie Henden, som saman med Konstanse, Samuel og Esekiel, alle med Henden til etternamn, startar på ein runde frå utkast 1.
– Det ser faktisk lettare ut enn kva som er tilfelle når du skal prøve deg, smiler Oselie Henden og ser at frisbee-plata hennar siglar inn i furuskogen 30 meter framme.
– Treng nok litt trening for å klare dette på tre-fire kast, ja. Men det ser kjekt ut, seier ho.
TESTA UT: Desse fire, alle med Henden til etternamn, tok turen frå Nordfjordeid for å prøve nyebana på Ullsheim. Frå venstre Oselie, Konstanse, Samuel og Esekiel.

Stor gåve

Og at denne nye fritidsaktiviteten no kan dyrkast på Ullsheim, trur dei to styremedlemmene i Markane idrettslag vil medføre at det er fleire ungdommar som vil vitje anlegget.
– Ingen tvil om at diskgolf er populært blant yngre. I dei større byane er det mange studentar som får kjennskap til denne aktiviteten, og så vil dei gjerne teste den ut vidare når dei er heime, seier Torbjørn Hatledal og takkar audmjukt dei to banktilsette frå Sparebanken Sogn og Fjordane for den rause gåva.
Pengegåva på 150 000 kroner til diskgolfanlegget til Markane idrettslag på Ullsheim i Stryn er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane

Takka vere pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane skal DNT Sogn og Fjordane satse på friluftsliv i nærområdet og gjere kommunane meir attraktive å bu i. Målet er å utvikle nærturmoglegheitene i kvar kommune.

Les heile saka
20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane6. september 2024
– Jobben som vert lagt ned er viktig for mange!30. august 2024
Banken har selt seg ut av Frende27. august 2024
Slik får du kontroll på økonomien i haust20. august 2024